ID 2297 Fastlegeavtale Leirvik legekontor - Legetenester

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Fastlegeavtale, Fastlege
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stord kommune søker ein fastlege til ledig heimel ved Leirvik legekontor i kommune-senteret Leirvik.

Leirvik legekontor er lokalisert sentralt i Leirvik, og er ein veldriven 3-legars praksis som no skal utvidast til 4 legar. I eit miljø med gode og erfarne kollegaer vil du oppleve ein meiningsfylt kvardag, fagleg utvikling og trivsel. Fastlegen går inn som næringsdrivande i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontoret, men andre alternativ kan og vurderast.

Stord kommune tilbyr

  • Å overta ein stabil fastlegeheimel med 650 pasientar, med god moglegheit for utviding

  • Ved å overta heimelen kan du vera med å utvikla din eigen arbeidsplass saman med erfarne kollegaer som begge er spesialistar i allmennmedisin.

  • Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar

Særskilte rekrutteringstiltak

Stord kommune har innført tiltak for å stabilisera fastlegetenesta frå 01.01.2025 i form av etableringstilskot, kompensasjon for fråvær ved sjukt barn, kompensasjon for deltaking på kurs, og kommunalt basistilskot.

Vaktordningar

  • Deltaking i vaktordning ved Sunnhordland interkommunale legevakt (SIL) kveld og helger.

  • Legevakta er eit samarbeid mellom tre kommunar (Bømlo, Stord, Fitjar) med i alt 31000 innbyggjarar.

  • Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale vegg i vegg med Stord sjukehus og ambulanse.

  • Eiga daglegevaktordning der vaktene rullerer mellom legesentera.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.

  • Gjennomført LIS1 i Noreg.

  • Refusjonsrett frå Helfo.

  • Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller vil begynne på denne.

  • Gode samarbeidsevner.

  • Godt norsk språk og god kulturforståing.

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar ASA 4310. Det må leggjast fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Vilkår ved arbeid på legevakt i tråd med tariff og gjeldande pensjonsavtale.

Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS, og tilbyr rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS. Næringsdrivande ALIS-lege får dekka utgifter til vidare- og etterutdanning.

For ytterlegare opplysingar om stillinga:

Leirvik legekontor Håvard Hakestad, tlf. 917 83 381, e-post: havard.hakestad@akersolutions.com

Kommuneoverlege Linda Mari Hammersland, e-post: linda.mari.hammersland@stord.kommune.no

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Sted
5411 Stord
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
394630778
Sist endret
24. feb. 2025 06:29