Bli vår neste superhelt i klasserommet!

Arbeidsgiver
Suldal kommune Overordna oppvekst
Stillingstittel
Er du ein lidenskapeleg pedagog med ein forkjærleik for læring og magiske augneblink?
Frist
06.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me leitar etter nye, inspirerande lærarar til Suldalskulane.   

Om oss:

Suldalskulane er totalt 6 små og store einingar der kreativitet og læring går hand i hand. Me trur på å skapa eit miljø der både elevar og lærarar kan utvikla seg, og me har eit felles mål for oppvekst i Suldal:  

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring» 

Me ser etter superheltar med desse superkreftane:  
  • Godkjent lærarutdanning.  

  • Skaparglede: du planlegg og gjennomfører undervisning som fangar elevane sin fantasi og nysgjerrigheit.  

  • Inkludering: du bygger eit trygt, inkluderande og støttande læringsmiljø der alle føler seg sett og høyrt og ambisjonar på vegner av alle elevane. 

  • Variasjon: du brukar kreative undervisningsmetodar, er fleksibel og løysingsorientert for å møta elevane sine ulike læringsstilar.  

  • Samarbeid: du jobbar tett med kollegaer, føresette og andre for å fremje elevane si utvikling.  

  • Engasjement: du er engasjert i elevane si læring og trivsel og deltek aktivt i skulen sine faglege og sosiale aktivitetar – saman skapar me eit positivt skulemiljø.  

Me tilbyr: 
  • Eit godt arbeidsmiljø: Bli ein del av eit støttande og kreativt team. Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera sosialt på jobb. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader i kommunen. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassane. Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag 

  • Konkurransedyktige vilkår: Suldal kommune har ekstra tillegg i lønn til lærarar og andre gode. For tilsette som har fast arbeidsplan vil me prøva å vera så fleksible som mogleg for å legga til rette for tilsette, særleg når det kjem til familiære behov. Me støttar di faglege og personlege vekst med mellom anna gode støtteordningar for vidareutdanning.   
  • Sjå: Me kan tilby - Suldal kommune heimeside  
  • Glede og meistring:  Ein skulekvardag fylt med spennande utfordringar og magiske augeblikk.  

 Rekrutteringstiltak 
  • Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan Suldal kommune vurdere fast tilsetting på¨vilkår for søkjarar som er i et utdanningsløp som oppfyller krava for tilsetting som lærar. (Sjå forskrift til opplæringslova §12-2, §12-3 og §12-5). 

  • Undervisningskompetanse i norsk, matematikk, engelsk eller spesialpedagogikk bør vere eit av faga i utdanningsløpet. 

  • Søkjarane må kunne kombinere utdanninga med minst 50% undervisningsstilling. 
  • Fast tilsetting føreset fullført godkjent utdanning innan normert tid.  
  • Suldal kommune vil tilby den fleksibilitet søkjar treng for å kombinere undervisningsstilling med gjennomføring av studiesamlingar og praksisperiodar. 

Andre opplysningar:
  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
  • Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor ved den einskilde skule eller konstituert kommunalsjef for oppvekst Britt Elin Håranes tlf 404 82 226.

Er du klar?  Me treng deg!

Dette er skulane i Suldal.

Erfjord skule
Rektor Aina Vaage mob 45201277 aina.vaage@suldal.kommune.no
Erfjord skule er ein barneskule frå 1. - 7. kl med ca 75 elevar. 

Marvik skule
Rektor Anne Kate Ellingsen mob 91198885 anne.kate.ellingsen@suldal.kommune.no
Marvik skule er ein fådelt barneskule som ligg på Ropeidhalvøya med ca 25 elevar. 

Nesflaten oppvekstsenter
Rektor Anne Marie Gamlem Rabba mob 45612131   anne.marie.rabba@suldal.kommune.no
Nesflaten oppvekstsenter er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med ca 15 elevar. 

Jelsa oppvekstsenter
Rektor Britt-Elin Håranes mob 40482226 britt.elin.haaranes@suldal.kommune.no
Jelsa oppvekstsenter er ein fådelt barneskule med 17 elevar.  

Sand skule

Rektor Jorunn Hoås mob 91574334  Jorunn.Hoas@suldal.kommune.no
Sand skule har ca 300 elevar fordelt på 14 trinn frå 1.-10. trinn. 9. og 10. kl. har to klassar på kvart trinn, 8 kl. har tre trinn. 

Vinjar skule

Rektor Vibecke Håheim vibecke.haheim@suldal.kommune.no 
Vinjar skule er ein barneskule med 97 elevar.   

 

 




Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
394640284
Sist endret
21. feb. 2025 12:42