
LEDIGE STILLINGAR SOM LÆRAR
- Arbeidsgiver
- Ulvestad Barneskule As
- Stillingstittel
- Lærer
- Frist
- 06.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har totalt ledig ca. 140% i lærarstillingar frå 01.08.25, med moglegheit for fast tilsetjing i 80-100 %. Søkjaren må ha godkjend pedagogisk utdanning i relevante undervisningsfag. Undervisningskompetanse i matematikk er ynskjeleg.
Vi ser etter ein engasjert, kreativ og tydeleg lærar. Du er sjølvstendig, strukturert, ansvarsmedviten og målretta, og er villig til å samarbeide og engasjere deg i skulen sitt faglege utviklingsarbeid. Interesse for, eller erfaring med uteundervisning er ein fordel.
Du har:
-
Gode kunnskapar i faga du skal undervise i, god klasseleiing og evne til å bygge gode relasjonar til elevane, føresette og kollegaer.
-
Evne til å trygge elevane og yte til eit trygt og godt læringsmiljø.
-
Profesjonsfagleg digital kompetanse.
-
Godt humør, trivst godt i selskap med born og er ein naturleg formidlar.
Vi kan tilby ei fin elevgruppe, eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Dei som vert tilsette må legge fram gyldig politiattest.
Fleire opplysningar får du ved å ta kontakt med rektor Bjørn Breivik post@skulen.no tlf. 70055233/ 90878813 eller styreleiar Hans Ivar Langvatn haivar@online.no tlf. 91852575.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Søknaden sendast til post@skulen.no CV, vitnemål, attestar og referansar leggjast ved.
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Haugevegen 12, 6133 Lauvstad
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 394671500
- Sist endret
- 21. feb. 2025 02:46
Mer som dette


