Sommarvikariat som assistent innan Psykiatri 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sommarvikariat som assistent innan Psykiatrisk 2025
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.

Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid og vi har ledige vikariat i sommar innan Divisjon Psykisk helsevern. Du må oppgi i søknaden kva for avdeling (ar) du ønsker å arbeide ved

Du må kunne jobbe i arbeidsperioden som oppgitt og ein må kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker.

Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:

*  Regional sikkerheitspost (RS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke

*  Lokal sikkerheitspost (LS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke

*  Avdeling akutt psykose, Seksjon S3: Har behov frå juni. 2/3-delt turnus, 3 kvar helg

*  Øyane DPS, Allmenn døgn: Har behov for 65% stilling på natt frå 09.06. til 17.08. og 50% stilling på natt frå 16.06. til 10.08.

*  Kronstad DPS, Psykose døgn: Har behov frå 23 juni. 2 delt turnus, 3.kvar helg, vi har også behov for nattevakter anten kun på natt eller i 3-delt turnus

Kronstad DPS, Allmenn døgn: Har behov frå 23 juni. 2 delt turnus, 3. kvar helg 

 

Du kan lese meir om avdelingane ved å klikke på link i navnet eller på vår heimeside helse-bergen.no/avdelingar


Arbeidsoppgåver

  • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
  • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Du må ha erfaring frå psykiatri/rus/miljøarbeid
  • Du er under helsefagleg utdanning eller annan relevant utdanning
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du har gode samarbeidsevner og godt humør

Vi tilbyr

  • Introduksjon og opplæringsdagar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenche Antonsen Larsen, Koordinator Bemanningssenteret, wenche.antonsen.larsen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4926925515

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 09.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
394766768
Sist endret
23. feb. 2025 05:59