Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 2 SNR - Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar med interesse for lunge, fordøying, endokrinologi og nyremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR!

Tryggleik, respekt og kvalitet er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi har som mål å byggje ein sengepost med høg fagleg kvalitet, engasjement og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi skal jobbe saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling vil vere i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette.

Vi har allereie fleire dyktige medarbeidarar på sengeposten vår, men vi har behov for fleire gode kollegaer. Vi har ledige stillingar i ulike stillingsstorleikar, så oppgi gjerne kva stillingsstorleik du ser for deg. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi jobber også med å tilby langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. 

Bli med oss på laget! 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientar
  • Sjukepleieadministrative oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Ivaretaking av pasientane sine behov for heilskapleg omsorg
  • Arbeid i team rundt pasienten
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar 
  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og har gode samarbeidsevner
  • Du arbeider både sjølvstendig og i team
  • Du er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåver
  • Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er påliteleg og lojal
  • Du er løysingsorientert
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  •  Eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar
  • Fagutvikling og kompetanseheving
  • Fagdagar i turnus
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 482 82250, mathilde.stranden@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 1

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4931931464

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 28.04.2025

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Opdølvegen 1, 6450 Hjelset
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
396418878
Sist endret
24. mars 2025 09:29