Prosjektkoordinator
- Arbeidsgiver
- Teater Vestland As
- Stillingstittel
- Prosjektkonsulent
- Frist
- 27.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du prosjekterfaring eller erfaring frå koordinerande roller? Har du auge for detaljar og samtidig evnar å sjå det store bildet med god kommunikasjons- og samarbeidsevne? Vi søkjer deg som kan vere ei sentral brikke i å bringe teater ut til folk – frå små samfunnshus til store scener.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar og eigenskapar vi søkjer
-
Høgare utdanning på bachelornivå innan prosjektleiing, administrasjon eller informasjon. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for høgare utdanning.
-
Erfaring frå prosjektarbeid/produksjonsverksemd.
-
Erfaring frå turnéplanlegging innan kultur og god kjennskap til Vestland fylke er ein fordel.
Personlege eigenskapar:
-
Evne til å arbeide sjølvstendig med høg gjennomføringsevne.
-
Strukturert og løysingsorientert.
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
-
Kan nytte nynorsk som arbeidsspråk.
Teater Vestland er oppteken av å skape eit inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion, funksjonsevne eller seksuell orientering.
Vi gjer merksam på at teateret er underlagt offentlegheitslova og har offentlege søkarlister. Søkar kan be om å bli unntatt offentlegheit, men må gi skriftleg grunn for dette. Jf. Offentleglova §25.
Arbeidsoppgaver
Som prosjektkoordinator har du ansvaret for å planlegge turnéane på teateret og er ein del av produksjonsavdelinga ved teateret. Stillinga inneber ansvar for koordinering av utleige av husets teatersalar og anna aktivitet på Nynorskhuset.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
-
Detaljplanlegge turnéar, inkludert tinging av spelestadar, reiser og overnatting innanfor gjeldande reglement for teateret.
-
Ansvar for koordinering av aktivitet som gjestespel, utleige av teatersalane og anna aktivitet i Nynorskhuset, innanfor budsjett og rammer.
-
Ta del i vidareutvikling av produksjonsavdelinga med forbetringar, modernisering og effektivisering av system og prosessar.
-
Samarbeide med teknisk avdeling, marknadsavdeling, samt inspisientar knytt til produksjonane og sikre god informasjonsflyt på tvers av avdelingar.
-
Vere kontaktperson og samarbeide med restaurant Røyst Mat & Vin.
Vi tilbyr
-
Spanande jobb i eit kreativt miljø.
-
Ein variert arbeidsdag med hektiske periodar.
-
Nye og moderne lokale i Nynorskhuset -- eit kraftsentrum for nynorsk språk og kultur.
-
Stor tilgang på kunstnarlege opplevingar -- teater på sit beste!
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
-
Løn etter tariff.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Storehagen 10, 6800 Førde
- Stillingsfunksjon
- Prosjektledelse, Ledelse, Annet
- FINN-kode
- 396553630
- Sist endret
- 06. mars 2025 09:38