Ferie-/tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver
Avdeling Dalebu, Haram kommune
Stillingstittel
Ferie/tilkallingsvikarar
Frist
01.12.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du student, pensjonist eller berre ønskjer eit ekstra oppdrag? Vi søkjer etter engasjerte og motiverte ferievikarar for sommaren 2025, evt. tilkallingsvikarar til Dalebu. Kandidatar vert tekne inn til intervju fortløpande. 

Dalebu samlokaliserte bustader er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod i Brattvåg. Det er eit tilbod for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Det er 11 bueiningar knytt til Dalebu, samt at ein også gir tenester til andre busett i omliggande områder. Målsettinga er å bidra til at personar i målgruppa opplever meistring i eige liv, ut frå sine føresetnader. 

Kommunalområde Livsløp består av fleire tenester som gir ulike tilbod til innbyggjarane i kommunen: koordinering og tildeling, helsestasjon, ressurbasen, barnevern, pedagogisk fagsenter, integrering, NAV, samt psykisk helse og rus. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. 
 
Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.


Arbeidsoppgåver

Brukargruppa er variert i alder og oppgåvene vil variere ut frå behov, t.d:

  • Støtte og rettleiing i daglegdagse gjeremål
  • Støtte og rettleiing i utvikling av sosiale ferdigheiter
  • Bidra til å sikre ein trygg kvardag med meiningsfylte aktivitetar
  • Samhandling med andre ved behov

Kvalifikasjonar

  • Ingen krav om formell kompetanse, men ønskjeleg med helse eller sosialfagleg bakgrunn
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid
  • Må vere over 18 år og ha førarkort
  • Gyldig politiattest
  • Nødvendig opplæring vil bli gitt

Personlege eigenskapar

  • Stabil og motivert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Tolmodig og omsorgsfull

Vi tilbyr

  • Spanande og givande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Anita Lianes, Avdelingsleiar, 92665490, anita.lianes@haram.kommune.no

Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 20

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4924241244

Stillingsprosent: 0%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 01.12.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Dalevegen 20, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
396704169
Sist endret
07. mars 2025 09:51