Automasjonsingeniør

Arbeidsgiver
Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn
Stillingstittel
Automasjoningeniør
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig stilling som automasjonsingeniør - velkommen som søkjar! 

Verksemd Vatn og avløp produserer og leverer reint vatn til folk og fjord. Vi tryggar framtida med å sikre folkehelse og naturmangfald og er ein avgjerande aktør for totalberedskapen i regionen. Vi har ansvar for vassbehandlingsanlegg, fleire renseanlegg, 110 mil rør og 150 pumpestasjonar i tillegg til at vi gjennomfører tilsyn, kontroll, forvaltning og gebyrinnkreving. Vi er stolte over å vere mellom dei fremste i Norge innan digitalisering i Vatn og avløp, og vi har eit stort fagmiljø med ingeniørar, driftsoperatørar, juristar og sakshandsamarar - til saman er vi rundt 80 tilsette.  

Arbeidsmengda er stor og fagfeltet er i rivande utvikling både når det gjeld ny teknologi og nye krav i EU-direktivet som er på trappene. Vi søkjer derfor etter ein medarbeidar til som har god kompetanse innan automasjon og prosess. 

Stillinga ligg i gruppa Driftsstøtte som, i lag med driftsoperatørane, har ansvar for å optimalisere VA-infrastrukturen, utarbeide nødvendige prosedyrer, sikre kvaliteten på ledningsdatabasen, gi opplæring og delta i planlegging. Gruppa har 16 tilsette.   

Arbeidstad er rådhuset i Ålesund sentrum. 


Arbeidsoppgåver

  • Generelt bistå med service, drift og vedlikehald av automasjons- og kommunikasjonssystemer - feilsøking og problemløysing i produksjonen for å sikre og vidareutvikle daglig drift
  • Planlegge, designe, programmere, teste og iverksette prosjekter og system
  • Vedlikehald av databaser med grunndata i ulike fagløysingar
  • Styrke kvaliteten på innsamling og analyse av data og prøveresultat gjennom eksisterande og nye sensorar
  • Støtte og rettleie fagavdelingar innan metode- og modellutvikling for effektiv dataanalyse 
  • Risiko- og sårbarheitsanalyser, bistå i planarbeid for å minimere konsekvensar av eventuelle feil
  • Prosjektering, anskaffing og prosjektleiing for mindre drifts og utbetringsprosjekt
  • Andre oppgåver kan kome til
 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har

  • Utdanning innan automasjon frå høgskule/universitet på minimum bachelornivå. Utdanning frå utlandet må vere NOKUT-godkjent
  • Erfaring frå arbeid med ulike styringssystem og programmeringskompetanse (PLS/PLC)
  • Kjennskap til kommunikasjon mellom skjermsystem og PLS`er basert på nettverk, mobilløysingar, radio og serielle linjer
  • Erfaring frå vatn-og avløpsområdet er ønskjeleg
  • Norsk språk munnleg og skriftleg
  • Søker må ha førerkort klasse B, - klasse BE er ønskjeleg
 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som har eit fagleg engasjement og som 

  • er open, praktisk og liker å jobbe med utvikling
  • forstår betydninga av og praktiserer involvering og samarbeid 
  • er serviceinnstilt
  • jobber ryddig og tillitsvekkande
  • henter og deler kompetanse og bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

I denne stillinga får du ei viktig rolle i å:

  • gi folk i Ålesund verdas viktigaste ressurs; reint vatn. 
  • bygge framtidas Ålesund og sikre friske fjordar, naturmangfald og livet i havet 

Du får løyse interessante oppgaver innan vannbehandlingsanlegg, avløpsrensing, pumper og ledningsnett, mellom anna utvikling av eit heilt nytt styrings- og forvaltningssystem. Vi har eit godt fagmiljø og muligheiter for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning. Løn, fleksibel arbeidstid og heimekontor etter avtale.

Kontaktinformasjon

David Chris Mertsching, Avdelingsleiar, 91617862, David.Chris.Mertsching@alesund.kommune.no

Lars Andreas Slyngstad Lågeide, Gruppeleiar, 90573787, Lars.Andreas.Slyngstad.Lageide@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms g. 11

6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn


Referansenr.: 4927635817

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Ingeniør / Automasjon og instrument
FINN-kode
396717599
Sist endret
07. mars 2025 11:43