Barnehagelærar
- Arbeidsgiver
- Drift/teknisk divisjon/ Barnehagane, Helse Bergen HF
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Frist
- 24.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med ca. 250 plassar til saman. Barnehagane ligg sentralt ved Haukeland universitetssjukehus og Sandviken sjukehus.
Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og det er tett samarbeid mellom barnehagane kor vi hentar idear og inspirerer kvarandre i dette arbeidet. Vi har «Inkluderande leike- og læringsmiljø» som utviklingsprosjekt og er i startfasen når det gjeld leik med digitale verktøy. do:be er eit av våre digitale verktøy.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus + alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er ein unik moglegheit til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.
Syns du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert barnehagelærar, er du velkommen til å søke stilling hos oss. Vi treng motiverte medarbeidarar som vil vere med å gi barna våre gode kvardagar.
Vi har ledig følgande stillingar;
* 1 x 100% fast stilling ved Hunstad barnehage frå 01.08.25
* 1 x 100% fast stilling ved Ravnebjerget barnehage frå 01.08.25
* 1 x 50% vikariat som er ambulerande stilling i Hunstad barnehage og Vinterdalen barnehage frå 01.08.25 til 31.07.2026
Merk gjerne søknaden med kva for ein barnehage du søker på.
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar: Utvikle og gjennomføre aktivitetar som fremmer barns læring og utvikling
- Omsorg og tilsyn: Sikre at barna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, og gi omsorg og støtte etter behov
- Observasjon og dokumentasjon: Observere barns utvikling og dokumentere framsteg og behov. Samarbeid med andre instansar ved behov
- Foreldresamarbeid: Kommunisere regelmessig med foreldre om barnas trivsel og utvikling
- Samarbeid med kollegaer: Arbeide tett saman med andre tilsette for å sikre eit godt leke og læringsmiljø
- Tilrettelegging for inkludering: Sikre at alle barn, uavhengig av bakgrunn og behov, får delta i aktivitetar og oppleve meistring
- Delta i fagleg utvikling: Delta i kurs og vidareutdanning for å halde seg oppdatert på pedagogiske metodar og praksisar
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Kunnskap om barns utvikling: God forståing av barns utvikling og læring.
- Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
- Ein lagspelar med gode samarbeidsevne til å jobbe i team med andre kollegaer
- Gode kommunikasjonevner i å kommunisere med både barn, foreldre og kollegaer
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert med evne til å tilpasse seg ulike situasjonar og behov
- Tolmodig med evne til å handtere utfordrande situasjonar med ro og forståing
- Omsorgsfull vaksenperson som har evne til å vise empati og omsorg for barns behov og kjensler
- Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Ha ein positiv haldning som kan inspirere og motivere barna
Vi tilbyr
- Ein spennande og engasjerande arbeidskvardag
- Eit godt arbeidsmiljø: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Fagleg utvikling: Moglegheiter for kurs og vidareutdanning for å styrke faglege ferdigheiter
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar: Trygge og gode ordningar for pensjon og forsikring
- Støtte og rettleiing: Regelmessig støtte og rettleiing frå erfarne kollegaer og leiing
- Sosiale aktivitetar: Deltaking i sosiale aktivitetar og arrangement for å styrke samhald og trivsel
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hilde Margrethe Ersvær, Barnehagesjef, 40490226Arbeidsstad
Jonas Lies vei 595021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4928949488
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 24.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Haukelandsbakken 42, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
- FINN-kode
- 396760377
- Sist endret
- 10. mars 2025 07:17
Mer som dette
