Barnehagelærar / pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Herøy kommune, Seksjon barnehage
Stillingstittel
Barnehagelærar / pedagogisk leiar
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker dyktige og engasjerte barnehagelærarar / pedagogiske leiarar til barnehagane våre. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.

Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.

Frå 1. august har vi ledige stillingar som barnehagelærarar / pedagogiske leiarar i barnehagane våre. Dette kan vere både faste stillingar og vikariat, og vi ser fram til å motta søknaden din!


Arbeidsoppgåver

  • leie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø
  • legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen
  • legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø
  • leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid
  • skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen
  • tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
  • gjerne rettleiingskompetanse
  • ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega
  • evne til å skape eit inkuderande og trygt miljø for alle
  • kunnskap om den autoritative vaksenrolla
  • kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse

For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  •  er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig
  • tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega
  •  ser verdien av tverrfagleg samhandling
  •  god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine
  • ser løysingar på utfordringar
  •  oppteken av å skape ein god kvardag for barna

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar i tillegg til den formelle kompetansen og ansienniteten.

Vi tilbyr

  • fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
  • eit støttande og positivt arbeidsmiljø
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god oppfølging av nytilsette
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • IA-bedrift

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299

Arbeidsstad

Rådhusgata 7

6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4933470086

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
397198427
Sist endret
10. mars 2025 09:22