Kommunaltekniker - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Vang Kommune, Landbruk og teknisk
Stillingstittel
Kommunaltekniker - 100 % fast stilling
Frist
23.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Dei kommande åra har Vang kommune store og spennande prosjekt. Kommunen har nye investeringar framfor seg samstundes med eit auka fokus på fornying og vedlikehald av eksisterande infrastruktur, og søkjer derfor etter ein kommunaltekniker. 

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Svært interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Tverrfagleg og profesjonelt miljø med hyggjelege kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsa)

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektoppfølging av investeringsprosjekt
  • Prosjektering og utarbeiding av anbod
  • Inngåing av kontrakter, prosjektstyring og kvalitetstyring
  • Oppfølging og drift av kommunal infrastruktur
  • HMS og internkontroll
  • Saksbehandling
  • Oppfølging av avtaler med grunneigarar
  • Beredskap for vatn- og avløpsanlegg
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med erfaring innan prosjektoppfølging og av vatn- og avløpsanlegg 
  • Ynskjeleg med erfaring frå kommunal forvaltning
  • Erfaring frå byggteknisk arbeid kan også vere relevant
  • Ynskjeleg med kjennskap til SHA og risikostyring
  • God og relevante kunnskap innan IT, kommunen nyttar program som Komtek og Gemini VA
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
  • Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
  • Du tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser nytten av å dele kompetanse på tvers av fagfelt
  • Drivande og løysingsorientert med god gjennomføringsevne.

Kontaktinformasjon

Torstein Brekke-Dervola, Avdelingsleiar vatn og avløp, 91837898, torstein.dervola@vang.kommune.no

Ingeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, 99230305

Arbeidssted

Tyinvegen 5161

2975 VANG I VALDRES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune


Referansenr.: 4916988746

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Teknisk personell, Saksbehandler
FINN-kode
397242572
Sist endret
11. mars 2025 08:18