Fagansvarleg næring- og samfunnsutvikling

Arbeidsgiver
Luster kommune Forvaltning og utvikling
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å vere med på å utvikle Luster kommune til eit levande og innovativt samfunn? Me i Luster satsar på nærings- og samfunnsutvikling, og me treng ein engasjert og erfaren fagansvarleg som kan bidra til å utvikle framtida!

Stillingsinformasjon

  • Ledig 100 % fast stilling som rådgjevar med fagansvar for næring- og samfunnsutvikling.
  • Som fagansvarleg for næring og samfunnsutvikling hjå oss vil du få ei sentral rolle i å forvalte støtteordningar som tilskot og lån.
  • Du vil arbeide for å skape ei positiv utvikling av næringslivet vårt og lokalsamfunnsutvikling, der distriktsinnovasjon er eit av våre viktigaste satsingsområde i kommuneplanen. 
  • Du vil jobbe tett med næringsverksemder, og samarbeide med ulike delar av kommuneorganisasjonen for å skape eit inkluderande og utviklande næringsmiljø. Om du har interesse for utviklingsarbeid og erfaring frå tilsvarande arbeid, er dette stillinga for deg!

Om avdelinga: Avdelinga næring og natur omfattar fagområda:

  • landbruk og naturforvaltning
  • verdsarv og kulturarv
  • næring- og samfunnsutvikling.

Her har me dedikerte fagansvarlege for kvart område og ein avdelingsleiar som legg til rette for samarbeid og utvikling. Organisering av avdelinga og fordeling av arbeidsoppgåver kan bli justert.

 

Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av næringssaker
  • Aktiv kontakt og dialog med næringslivet i kommunen
  • Samarbeid med nabokommunar, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
  • Deltaking i utviklingsprosjekt og oppgåver
  • Arbeidsoppgåver kan verte endra etter behov

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning
  • Praktisk erfaring frå offentleg og/eller privat sektor
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 
  • Søkjar må disponere eigen bil i tenesta

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Prosjektledelse, Saksbehandler
FINN-kode
397384838
Sist endret
11. mars 2025 02:04