ID 986 Rektor 100% stilling ved Rimbareid barne- og ungdomsskule
- Arbeidsgiver
- Rimbareid Barne- Og Ungdomsskule
- Stillingstittel
- Rektor
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Frå 01.08.2025 er det ledig 100 % stilling som rektor ved Rimbareid barne- og ungdomsskule. Skulen er ein 1.--10. skule med om lag 360 elevar, flott plassert på Rimbareid i Fitjar med utsikt over store delar av bygda. Skulen er moderne med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.
Skulen skal vera ein inkluderande skule der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulera elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagd, utforskande og praktisk undervisning.
Me søkjer ein engasjert, dyktig og inspirerande rektor som kan leia skulen vidare. Rektor er verksemdsleiar og har delegert personal-, økonomi- og resultatansvar. Skuleleiinga består av rektor, tre avdelingsleiarar og dagleg leiar for SFO. Kommunalsjef for oppvekst og kultur er rektor sin næraste leiar. Me ser etter ein motivert person som vil vera pådrivar og inspirasjonskjelde i utviklingsarbeidet på skulen og i kommunen, og som vil vera med på å forma framtidas skule på Rimbareid.
Som rektor vil du ha ansvar for følgjande arbeidsoppgåver:
-
Leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for elevane sitt læringsutbyte.
-
Sikra god elevmedverknad og eit inkluderande læringsmiljø.
-
Driva skuleutvikling og leia skulen sitt satsingsområde og faglege profil.
-
Samarbeida tverrfagleg om barna sitt oppvekstmiljø.
-
Forvaltning og kvalitetsutvikling.
-
Økonomistyring og resultatoppfølging.
-
Samhandla med elevar, føresette og andre aktørar for å skapa eit godt læringsmiljø.
-
Bidra til eit inkluderande og trygt skulemiljø.
Me søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:
-
Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan pedagogikk.
-
Praksis som lærar.
-
Ønskjeleg med leiarerfaring og/eller leiarutdanning.
-
Evne til å motivera og inspirera både elevar og personalet.
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
-
Kjennskap til skulen sin læreplan og gjeldande lover og forskrifter.
-
God IKT-kompetanse.
Fitjar kommune ønskjer at rektorar i kommunen skal ha formell kompetanse i skuleleiing på minst 30 studiepoeng. Me forventar at den som blir tilsett, oppfyller dette kravet, eller etter nærare avtale skaffar seg slik kompetanse.
Me legg vekt på følgjande personlege eigenskapar hos søkjaren:
-
Engasjement for elevane sine resultat og trivsel.
-
Fleksibilitet og evne til å handtera utfordringar på ein konstruktiv måte.
-
Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
-
Gode mellommenneskelege ferdigheiter.
-
Positiv haldning og evne til å skapa eit godt arbeidsmiljø.
-
Eit varmt og inkluderande menneskesyn.
Me kan tilby:
-
Ei spennande leiarstilling i ein kommune som legg vekt på utvikling og kvalitet i skulen.
-
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
-
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
-
Konkurransedyktige lønnsvilkår og pensjonsordningar.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst og kultur, André Sæthre, på tlf. 400 43 230.
- Sektor
- Offentlig
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
- FINN-kode
- 397518391
- Sist endret
- 12. mars 2025 11:27
Mer som dette
