Plan- og miljørådgjevar

Arbeidsgiver
Volda kommune, Utvikling
Stillingstittel
Plan- og miljørådgjevar
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli kollega med våre dyktige og engasjerte folk på utviklingsavdelinga i Volda kommune? Vi har no ei ledig stilling som plan- og miljørådgjevar der vi kan vere fleksible på oppstartstidspunkt. 

Det er mye som skjer i Volda kommune og det er mange prosjekt utviklingsavdelinga er engasjert i, her med nokre døme: 

  • Kommunedelplan for natumangfald der vi har fått 400 000 kr frå Miljødirektoratet og har no ute anbod for utarbeiding av sjølve planen.
  • Områderegulering av Volda sentrum er i gang der vi håpar ha klart eit planutkast i løpet av året
  • Mobilitetsplan - Klimasatsprosjekt der vi har fått 725 000 kr i støtte. Ein viktig målsetting med dette arbeidet er å oppnå reduksjon i utslipp av vegtrafikken
  • Reguleringsplan for Aasenkvartalet - Stor utbygging under planlegging med blant anna etablering av konferansehotell og kulturscene.
  • Jordvernstrategi - Her har vi fått 150 000 kr i tilskot frå Landbruksdirektoratet og vi er godt i gong med eit samarbeid på tvers av fagområda i avdelinga. 

For andre året på rad hamna Volda kommune topp 3 i verksemdsstyring på den nasjonale Framsiktskonferansen i konkurranse med over 300 andre kommuner.

Viss du vil vere med å utvikle Volda vidare kan dette vere sjansen din. 

Utviklingsavdelinga har 9 tilsette med ansvar for:

  • Handsaming av plan-, bygg- og delesaker
  • Overordna samfunnsplanlegging (kommuneplanarbeid)
  • Klima- og miljøsaker
  • Kart- og oppmålingsarbeid
  • Utskriving av eigedomsskatt

Skog- og landbrukstenester blir kjøpt frå Ørsta kommune som er vertskommune for felles landbrukskontor. 


Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av reguleringsplanar og dispensasjonar etter plan- og bygningslova (pbl)
  • Klima- og miljøarbeid, til dømes klimabudsjett og saker etter forureiningslova
  • Bidra inn mot kommuneplanarbeid - arealdel, delplanar og utgreiingar. Til dømes følgje opp arbeidet med kommunedelplanen for naturmangfald
  • Andre oppgåver ved avdelinga kan også verte tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning frå universitet/høgskule, minimum bachelorgrad. Fortrinnsvis innanfor areal-/samfunnsplanlegging, og/eller klima/miljø/naturforvaltning. Lang relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.

God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
 
I tillegg er det ønskjeleg at du har erfaring innanfor eit eller fleire av desse områda:
  • Areal-/samfunnsplanlegging
  • Naturforvaltning
  • Klima- og miljøarbeid
  • GIS-verktøy
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og systematisk
  • Utviklingsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Løysningsorientert
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar i eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Arbeidstidsordning med fleksitid
  • God pensjons- og forsikringsordning i KLP 
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Jørgen Vestgarden, avdelingsleiar, +47 90470915, jorgen.vestgarden@volda.kommune.no

Tor Halvar Botnen, Kommunalsjef, 90052817, tor.halvar.botnen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4934302979

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Annet
FINN-kode
397540567
Sist endret
13. mars 2025 07:23