Kokk/kokekyndig

Arbeidsgiver
f.t. ved Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
Stillingstittel
Kokk/kokekyndig
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bremanger kommune, for tida Svelgen omsorgssenter er det ledig ei 20% fast stilling på helg. Stillinga inneber arbeid kvar 3.helg. Vi ynskjer også at du har anledning til å vere tilkallingsvakt ved sjukdom og i feriar. Det kan også vere aktuelt å kombinere denne stillinga med andre stillingar i Open omsorg indre, slik at stillingsprosenten vert høgare.

I mars 2016 stod Svelgen omsorgssenter ferdig. Vi arbeider i moderne omgjevnadar. Kjøkkenet er av fagfolk sagt, blant dei beste institusjonskjøkkena i landet, kor det er vektlagt at ein skal kunne gje god kvalitet på varene ein leverer og at medarbeidarane skal ha ein god og tilrettelagt arbeidsplass.

Omsorgssenteret er delt inn i fem einingar med m.a. demens, rehabilitering og lindrande pleie. På kvar eining er det avdelingskjøkken, så det er kun den varme maten som vert tilberedt på institusjonskjøkkenet. I tillegg til at ein lagar mat til bebuarane på omsorgssenteret, lagar ein m.a. middag til bebuarane på Klokkartunet på Davik og personar som har innvilga tenesta matombringing.


Kvalifikasjonar

Vi ynskjer medarbeidarar som er kokekyndige eller utdanna fagarbeidar. Andre med relevant praksis er også velkomne til å søkje.

  • Like å arbeide i team, samstundes som ein må kunne jobbe sjølvstendig
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

For oss er det viktig at du trivast å jobbe ilag med andre menneske, og at du ønskjer å gjere ditt beste for våre pasientar. Bebuarane har ulike medisinske utfordringar, kor ernæring er ein viktig del av behandlinga. Av den grunn søkjer vi fagleg motiverte, engasjerte og sjølvstendige medarbeidarar. Serviceinnstilling og personleg egna heit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Arbeidsstad

Granden 1

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune


Referansenr.: 4937756962

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Granden 1, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
397680440
Sist endret
14. mars 2025 06:59