Fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Avdeling skule
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent i skule og SFO
- Frist
- 20.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Det kan frå skuleåret 2025-2026 verte ledig både faste stillingar og vikariat ved fleire av skulane i Volda kommune. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar. Behova er enno ikkje fullt ut definerte, og søkarane vil vere aktuelle kandidatar heilt fram til
skulestart.
Det vil og truleg vere behov for fleirspråklege tilsette med anna morsmål enn norsk.
Sektor oppvekst sin visjon er:
Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I skulane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.
Skulane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, barnehage, kulturskule og vaksenopplæring er skuledrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.
Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE
Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med lærarane støtte elevane i læringsarbeidet deira i skulen. I SFO vil oppgåvene vere å førebu og gjennomføre aktivitetar, og oppfølging av enkeltelevar som har særskilde behov.
I tillegg vil arbeidet for dei med tospråkleg kompetanse innebere å vere til hjelp med omsetjing til morsmål og
støtte elevane i arbeidet med å lære norsk.
Kvalifikasjonar
I nokre av stillingane er det ønskjeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag.
Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til nokre av stillingane. Vi legg vekt på personlege
eigenskapar, jf punkta nedanfor.
Menn vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har evne til å bygge gode relasjonar
- har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge
- er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg
- har gode samarbeidsevner med kollegaer og føresette
- er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet
- er sjølvstendig i arbeidet
Vi tilbyr
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske statsborgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr opplæringslova § 17-11.
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med oofentleglova § 25, kan opplysningar som søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønsker at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngi dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønske om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Line Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda.kommune.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4935679313
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Stormyra 2, 6100 Volda
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
- FINN-kode
- 397688497
- Sist endret
- 14. mars 2025 07:16