Seksjonssjef for studentrekruttering, web og design
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Seksjonssjef for studentrekruttering, web og design
- Frist
- 30.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wSeksjonssjef for studentrekruttering, web og design
Kommunikasjonsavdelinga ved UiB søker en visjonær og strategisk seksjonssjef til å lede seksjonen for studentrekruttering, web og design. Seksjonen er sentral i å bygge UiBs omdømme og jobbar strategisk for å nå målgruppene gjennom kampanjar, sosiale medium og grafiske tenester.
Vi ser etter deg som tør tenkje stort og kreativt for å auke folk sin kjennskap til UiB gjennom å planlegge kampanjar og ulike kommunikasjonstiltak basert på analyse og heilskapleg tenking. Du har erfaring frå å jobbe med web, og god kjennskap til både webutvikling, forvaltning, design og grafiske tenester.
Seksjonssjefen vil ha personalansvar for svært kompetente medarbeidarar med arbeidsoppgåver innan marknadsføring, omdømmearbeid, kommunikasjonsstøtte, studentrekruttering, web og design. Seksjonssjefen vil vere ein del av leiargruppa til Kommunikasjonsavdelinga.
Arbeidsoppgåver:
- Særskilt ansvar for å bygge opp ein ny seksjon i samarbeid med avdelingas direktør, dette inkluderer å samordne og utvikle arbeidet i seksjonen, leggje til rette for kompetanseutvikling for medarbeidarane og søke relevante samarbeid på tvers i organisasjonen og eksternt
- Arbeidet ditt vil mellom anna vere knytt til studentrekruttering, webutvikling og forvaltning, grafiske tenester, og noko utvikling og bidrag til arrangement og samfunnsarenaer
- Arbeidet ditt vil i tillegg inkludere marknads- og profileringsoppgåver som krev høg kommunikasjonsfagleg kompetanse på digitale verktøy og plattformer, og forståing for moglegheitene som ligg i desse
- Du vil vere ein nøkkelperson i Kommunikasjonsavdelinga sin kontakt med eksterne byrå og arbeide strategisk og praktisk med utvikling av studentrekruttering og UiB sitt omdømme, web og design
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på mastergradsnivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet
- Relevant erfaring frå strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid, fortrinnsvis frå større komplekse organisasjonar i universitetssektoren
- Solid fagleg kompetanse innan merkevarebygging, digital marknadsføring, webutvikling og forvaltning
- Evne til å sjå heilheit og korleis dei ulike delane av kommunikasjonsfaget speler saman for å bidra til å oppfylle UiBs strategiske mål
- Sterk motivasjon til å bidra til å vidareutvikle UiB si Kommunikasjonsavdeling med utgangspunkt i institusjonen sin eigenart
- Systematisk og initiativrik, ein god lagspelar og relasjonsbyggar, samlande og motiverande leiarstil med dokumenterte resultat
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
- Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø med hovudkontor i Bergen sentrum
- Stilling som seksjonssjef (kode 1211). Løn kr 850 000 – 900 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Kommunikasjonsdirektør, Anne Line Grepne, anne.grepne@uib.no / 46865073
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Markedsfører, PR og informasjon
- FINN-kode
- 397768319
- Sist endret
- 14. mars 2025 07:29