Ønskjer du ein kvardag med fagleg utfordring og moglegheit til å gjere en forskjell for pasientar i ulike livssituasjona

Arbeidsgiver
Askvoll kommune Helse
Stillingstittel
Fysioterapeut - 100% fast stilling i Askvoll kommune
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Askvoll kommune har ledig 100 % stilling som fysioterapeut

 

Askvoll kommune søker etter ein engasjert fysioterapeut som vil bidra til å gje pasientar ein best mogeleg funksjon i kvardagen, og livskvalitet for våre innbyggarar. Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver innan rehabilitering og kurativt arbeid. Vi ser etter ein fagperson som trivst med å jobbe sjølvstendig, men som også verdset tverrfagleg samarbeid i et godt arbeidsmiljø. Dersom du ønskjer ein kvardag med fagleg utfordring og moglegheit til å gjere en forskjell for pasientar i ulike livssituasjonar, kan dette vere stillinga for deg!

Stillinga er ledig frå medio juni 2025, eller etter nærare avtale.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Behandling og førebyggjande arbeid av pasientar i alle aldrar, hovudsakeleg vaksne og eldre

  • Habilitering og rehabilitering
  • To dagar per veke knytt til korttidsavdeling ved Askvoll omsorgssenter
  • Tre dagar per veke med kurativ verksemd ved Askvoll fysikalske
  • Helsebading
  • Bestilling av hjelpemiddel
  • Bruk av dokumentasjonsverktøya  Physica og Acos CosDoc. Naudsynt opplæring vil bli gitt

 

 

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend fysioterapeut
  • Ønskeleg med erfaring frå kommunalt arbeid
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

 

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Engasjement for fagleg utvikling og pasientomsorg

  •  

    Evne til sjølvstendig arbeid og gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert tilnærming

 

 

Vi tilbyr: 

 

  • Offentleg pensjonsordning (KLP)
  • Ein variert og givande arbeidskvardag

  •  

    Eit godt fagmiljø med moglegheit for utvikling
  • Løn etter tariff
  • Flyttegodtgjersle jf. Personalhandboka for Askvoll kommune
  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Askvoll legesenter, 6980 Askvoll
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
FINN-kode
397787009
Sist endret
14. mars 2025 12:39