Tilkallingsvikarar i barnehage 

Arbeidsgiver
Vang Kommune, Utdanning og kultur
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar i barnehage 2025
Frist
31.12.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du flink med barn og ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar? Me søkjer etter tillkallingsvikarar i barnehagane Fredheim og Høre. Det er behov for barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar. 

Barna våre i Vang fortener kun det beste! Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

Søknadar vert behandla fortløpande og aktuelle søkjarar vert kontakta.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver
  • Delta aktivt i leik og aktivitetar
  • Som vikar har du medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik.
  • Du har ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale.

Kvalifikasjonar

  • Over 18 år
  • Erfaring frå barnehage eller skule er ein fordel. Men me ynskjer også deg som har erfaring frå å jobbe med barn og unge i ei anna setting, som til dømes musikk, sport, fritidsaktivitetar eller barnepass
  • Du må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Gyldig politiattest må leverast før oppstart

Personlege eigenskapar - Me søkjer deg som:

  • har eit engasjement for barn og unge
  • er inkluderande, positiv og omsorgsfull
  • er kreativ og løysingsorientert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er komfortabel med å tilpasse deg forskjellige type menneske i ulike situasjonar
  • er god på samarbeid

Vi tilbyr

  • Ein gjevande og meningsfull jobb, kor du gjer en forskjell i barna sin kvardag.
  • Ein variert og fleksibel arbeidsdag
  • Løn etter tariff

Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft.

Kontaktinformasjon

Karin Trøen, Styrar Fredheim barnehage, 92891231, karin.troen@vang.kommune.no

Heidi Lynge Kvale, Syrar Høre barnehage, 90580529, heidi.lynge.kvale@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5161

2975 VANG I VALDRES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune


Referansenr.: 4938368100

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 31.12.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
397812060
Sist endret
17. mars 2025 07:30