Avdelingsleiar kraftverksdrift

Arbeidsgiver
Tussa
Stillingstittel
Avdelingsleiar kraftverksdrift
Frist
07.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tussa Energi

Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har i underkant av 30 tilsette. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. 


Avdelingsleiar kraftverksdrift

Ser du verdien av å kombinere fagområda økonomi, teknologi og leiing?

Tussa Energi søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar til kraftverksdrifta vår der desse elementa står sentralt. Stillinga vil ha det overordna ansvaret for at anlegga våre vert drifta og vedlikeheldt i tråd med Tussa sin vedtekne vedlikehaldsstrategi og styresmaktene sine retningslinjer og krav. Avdelingsleiar vil ha personalansvar for 10 dyktige medarbeidarar. Å initiere aktivitetar som sikrar kontinuerleg forbetring er viktig, samstundes som ein balanserar effektiv og trygg drift av kraftverka slik at dei er startklare når kraftmarknaden treng dei. Avdelingsleiar vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å sikre berekraftig energiproduksjon der digitalisering, automatisering og optimalisert drift står sentralt. Innsikt og analyse av driftsdata, og innføring av verdibasert anleggsforvaltning, vil bli eit prioritert satsingsområde framover. Du vil vere ein ressurs for heile avdelinga og må kunne samarbeide godt med andre avdelingar. Stillinga går inn i selskapet si leiar-  og beredskapsgruppe. 

Før tilsetjing vil vi gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetjing gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.


Kvalifikasjonar
  • Erfaring og kunnskap innan fagområda økonomi, teknologi og leiing.
  • 3-5 år med høgare utdanning. Utdanninga "Industriell økonomi og teknologiledelse" er eit ønskje, men ikkje eit krav.
  • Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt 


Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode velferds -, pensjons - og forsikringsordningar

Sektor
Privat
Sted
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
Stillingsfunksjon
Ledelse, Ingeniør, Prosjektledelse
FINN-kode
397852694
Sist endret
14. mars 2025 03:37