Barnehagelærar, 100% fast

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing barnehagelærar, 100% fast stilling
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.05.2025/oppstart etter avtale. Barnehageavdelinga er lokalisert like ved skulen, i eige barnehagebygg. Klikk deg inn på linken for meir informasjon om barnehagen. 


Barnehagane i Gulen har: 
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar 
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver 
  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta

Kvalifikasjonar 
  • Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
398277186
Sist endret
17. mars 2025 12:22