Tannpleiar

Arbeidsgiver
Manger tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannpleiar
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vest tannhelseområde har ledig 50% fast stilling som tannpleiar.  Oppstart 02.06.2025

Tenestestad er for tida Manger tannklinikk.  Klinikken har til saman 6 tilsette: 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 3 tannhelsesekretærar.  Tannklinikken er lokalisert i eit helsebygg i Manger sentrum, der det også er legekontor og andre helsetenester.

Som tannpleiar ved Manger tannklinikk, kan ein rekne med å få spanande og varierte arbeidsdagar med behandling av pasientar i alle prioriterte grupper, samt vaksne, betalande pasientar.  Tannklinikken har tett fagleg samarbeid med dei andre klinikkane i klinikkområdet.


Arbeidsoppgåver

  • Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
  • Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
  • Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
  • Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
  • Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
  • Er positiv og serviceinnstilt
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
  • Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
  • Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninger

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.  Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Stillinga kan verta utvida til 100% stilling utan ny utlysning

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarliste blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Harald Isdal Kvamme, klinikkleiar (tannlege), 91750454, Harald.Isdal.Kvamme@vlfk.no

Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936, Agnete.Norheim.Kaldestad@vlfk.no

Arbeidsstad

Radøyvegen 1621 A

5936 Manger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4932932014

Stillingsprosent: 50%

Fast

Startdato: 02.06.2025

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Radøyvegen 1621 A, 5936 Manger
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell
FINN-kode
398289097
Sist endret
17. mars 2025 02:09