Ferievikar - Masfjorden sjukeheim
- Arbeidsgiver
- Masfjorden kommune
- Stillingstittel
- Ferievikar - Masfjorden sjukeheim (2025)
- Frist
- 21.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Me treng deg som søkjer ein spanande og utfordrande jobb til sommaren
Masfjorden kommune søkjer etter ferievikarar ved desse avdelingane:
- Masfjorden sjukeheim pleie
- Kjøkkenet Masfjorden sjukeheim
- Vaskeri og reinhald Masfjorden sjukeheim
Me treng vikarar i perioden frå veke 25 til og med veke 33. Du må opplyse i søknaden kvar du ynskjer å arbeide, og kva tidsperiode du kan arbeide.
Masfjorden sjukeheim treng vikarar i dagarbeid og i nattstillingar. For stilling på natt vil vil ein få nattillegg. Ein må vere 18 år for å arbeide på natt.
I pleie og omsorg vert søkjarar som kan arbeide helg og minimum 4 veker prioriterte
For søkarar under utdanning i eit høgskuleløp har vi eigen lønsstige
Våre ynskjer om deg
- Du er positiv, flittig og initiativrik
- Du har fullført 10.klasse
- Det er krav om gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- For stillingar i pleie er det er ynskjeleg med søkjarar som har fagbrev som helsefagarbeidar eller autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, men andre kan også søke
Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorg:
- Utøve god omsorg for bebuarane
- Bistå beboerne i personlig hygiene, forflytning, ernæring m.m.
- Bidra til god livskvalitet, mestring og ein meiningsfull kvardag for bebuarane
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Daglege rutinar i avdelingane
- Andre oppgåver
Kjøkken og reinhald:
- Kjøkkenoppgåver
- Reinhald
- Daglege rutinar i avdelingane
- Andre oppgåver
Politiattest
I pleie og omsorg er det krav om politiattest som ikkje eldre enn 3 månader. Denne bestiller du etter at du har fått jobbtilbod.
Slik søkjer du
Du søkjer elektronisk via "send søknad" på denne sida.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hosteland, 5986 Hosteland
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 398289956
- Sist endret
- 17. mars 2025 03:55
Mer som dette
