
Kommunalsjef Helse, omsorg og velferd
- Arbeidsgiver
- Ørsta kommune
- Stillingstittel
- Kommunalsjef Helse, omsorg og velferd
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du vår nye kommunalsjef Helse, omsorg og velferd?
Vi søkjer ein engasjert og kompetent leiar som kan bidra til utviklinga av kommunen og tenestene våre.
Ørsta kommune er delt inn i tre kommunalområde, leia av kommunalsjefar.
Som kommunalsjef vil du vere ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe, saman med økonomisjefen og personalsjefen. Du vil ha ei sentral rolle i utviklinga av kommunen, og det er viktig at du kan samarbeide godt med dei andre i leiargruppa for å nå våre felles mål.
I leiargruppa vil du ha ansvar for kommunalområdet Helse, omsorg og velferd, men det vert forventa at alle tek medansvar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Utfordringane i norske kommunar krev at kommunalsjefen arbeider med både kommunen som organisasjon og tenestene vi tilbyr. Du skal ha eit kontinuerleg fokus på utviklingsoppgåvene og sjå både kortsiktige og langsiktige mål i samanheng.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar, og du forpliktar deg til å jobbe i samsvar med desse:
:
Lenke til arbeidsgjevarstrategien vår: https://drive.google.com/file/d/1U5QQLNxYJNRHgTNDmUtKlqucTr5tVDrI/view
Arbeidsoppgåver
Som kommunalsjef vil du ha ansvar for å:
- Utvikle og implementere strategiar for å auke den økonomiske stabiliteten i kommunen.
- Leie, støtte og engasjere medarbeidarar gjennom omstillingar, med fokus på kvalitet og effektivitet i tenestene våre.
- Arbeide for at tenestene vi leverer har fokus på helse og meistring i alle ledd.
- Samarbeide med dei andre stabs- og kommunalsjefane for å sikre ei heilskapleg tilnærming til kommunen sine utfordringar.
- Kommunisere og forankre kommunen sine verdiar og strategiar i alle ledd av organisasjonen.
Du vil løyse desse oppgåvene på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR som eit sentralt utviklingsverktøy. Utvikling og ivaretaking av dei 10 - faktorane og gode arbeidsmiljø, er ein viktig del av kommunen sitt utviklingsarbeid.
Kommunalsjefen har også ansvar for å utarbeide saker til politisk nivå og følgje opp politiske vedtak. Det er viktig at du tar ansvar for saksførebuing og bidrar til å skape gode relasjonar mellom politisk og administrativt nivå. Det vert forventa at du møter i politiske møter etter avtale med kommunedirektøren.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein kandidat som oppfyller følgjande kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning, minimum bachelorgrad innan relevante fagområde for kommunal leiing og administrasjon.
- Vidareutdanning innan leiing.
- Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter, spesielt knytt til kommunalområdet Helse, omsorg og velferd.
- Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk generelt.
- Dokumentert kunnskap om budsjett og kostnadsstyring, primært innan offentleg verksemd.
- Minimum 3 års relevant leiarerfaring, med sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi.
- Digitale ferdigheiter, slik at du brukar verktøya og programma vi har tilgang til.
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon og er oppteken av klart språk i forvaltninga.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Har kunnskap om, og respekt for samfunnsoppdraget vårt. At du har eit strategisk tankesett og heilskapsperspektiv som legg grunnlag for samhandling og positive synergiar på tvers av organisasjonen
- Har haldninga: at endring og kontinuerleg forbetring er avgjerande for at kommunen til ei kvar tid skal levere kostnadseffektive og gode tenester.
- Er ein trygg, stabil og stødig leiar som evnar å gjennomføre nødvendige endringar for å levere tenester i samsvar med vedteken kvalitetsstandard og innsatstrapp.
- Arbeider både strategisk og operasjonelt.
- Medverkar til eit godt partssamarbeid og har forståing og respekt for dei tillitsvalde si rolle.
- Har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og prioritere.
- Har gode relasjonar til medarbeidarane dine og evnar å delegere.
- Har god formidlingsevne og kan gjere komplekse problemstillingar forståelege.
- Har kjennskap til årsturnus
Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde.
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- God pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Godt arbeidsmiljø og gode støttefunksjonar i kvardagen
- Deltaking i intern leiarutvikling
- Deltaking i interkommunalt nettverk
- Høve til etter- og vidareutdanning/fagleg oppdatering
Stillinga er plassert i HTA kap.3.4.1 og er omfatta av HTA kap.1 §6.3.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Søkjarane vert vurderte ut ifrå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid, historikk og personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar og historikk vert tillagt stor vekt.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarane som vert kalla inn må legge fram rettkjend dokumentasjon.
Referansar: Vi ber deg i søknaden oppgi referansar på overordna, sideordna og underordna nivå. Utvida referansesjekk vil kunne bli aktuelt.
Dokumentasjon: Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Kontaktinformasjon
Wenche Solheim, Kommunedirektør, 95755788, wenche.solheim@orsta.kommune.noIdun Lee Hofset, Personalsjef, 48139574, idun.hofset@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4939454187
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 6, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
- FINN-kode
- 398291089
- Sist endret
- 17. mars 2025 02:11
Mer som dette
