Logoped

Arbeidsgiver
Eit samarbeid mellom Tokke og Fyresdal
Stillingstittel
Logoped
Frist
01.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tokke kommune og Fyresdal kommune går saman om å lyse ut ei felles 100 % fast stilling som logoped frå 01.08.2025. Den som blir tilsett vil jobbe 50 % i Fyresdal og 50 % i Tokke. Fyresdal og Tokke har i samarbeid med Vinje etablert PPT Vest-Telemark, som starta opp 01.01.2025. Det vil vere naturleg med noko samarbeid mellom vår logoped og PPT Vest-Telemark.

Båe kommunane ligg i Vest-Telemark og er ein del av eit regionalt smarbeid. Tokke kommune og Fyresdal kommune har båe bulyst og næringsutvikling som fokus. Fyresdal sin vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. I Tokke er det kompetanse, kraft og kultur som vitnar om dei grunnleggande elementa i samfunnsutviklinga. I båe kommunane er det vilje til endring og utvikling for å skape den veksten bygdesamfunnet har behov for. 

Fyresdal kommune har 1 skule og 1 barnehage som ligg sentralt i kommunen. I Tokke kommune er det 2 skular og 4 barnehagar. Logopeden er organisatorisk plassert i sektor for kultur og oppvekst i Fyresdal og under oppvekst i Tokke.


Arbeidsoppgåver

  • Hovudvekta av stillinga vil vere retta i arbeid med born og unge.
  • Logopeden skal utgreie, sette i gang og delta i tiltak for born og unge som har behov for ulike typer logopedisk hjelp (språklydsvanskar, stamming, svelg- og stemmevanskar m.m.)
  • Logoped skal og gje rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule.
  • Delar av stillinga vil vere knytt opp mot spesialundervising og språkstimulerande førebygging.
  • Logopeden må vere budd på å følgje opp andre aldersgrupper grunna ulike helsemessige årsakar.

Kvalifikasjonar

  • Master i logopedi, eventuelt logopedutdanning før master blei vanleg.
  • Gjerne pedagogisk grunnutdanning og erfaring med spesialundervisning.
  • Erfaring frå rettleiing, rådgiving og samarbeid med føresette, barnehage og skule er ønskjeleg.
  • Søkar må ha førarkort klasse B, då stillinga medfører ein del køyring.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men også til å samarbeide.
  • God munnleg og skriftleg kunnskap i norsk.
  • Gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe tett på menneske.
  • Tek ansvar og jobbar målretta innanfor førebyggingsarbeid.
  • Må vere fleksibel og handtere varierte arbeidsoppgåver.
  • God digital kunnskap.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Tokke kommune og Fyresdal kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søke, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
 
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju. Dei som blir tilsett, må legge fram politiattest før ein kan ta til i jobben.  
 
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkarane offentleggjerast.
 
Velkomen som søkar!

Kontaktinformasjon

Tone Lunde Skålen, Kommunalsjef oppvekst, +47 97 17 14 06, tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no

Liv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97 76 02 21, liv.johre@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Fyresdalsvegen 2237

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune


Referansenr.: 4937313574

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398327425
Sist endret
18. mars 2025 08:09