100% stilling som avdelingsleiar ved Odda ungdomsskole
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Odda ungdomsskule
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
1 fast stilling som avdelingsleiar ved Odda ungdomsskole
Vi har ledig ein 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Odda ungdomsskole frå 01.08.2025.
Stillingen blir utforma med 50% undervisning og 50% som avdelingsleiar.
Det blir stilt krav om godkjent lærarutdanning. Det er ein fordel med leiarkompetanse og erfaring, men ikkje eit krav.
Det er ynskjeleg at søkjarar er villige til å ta skuleleiarutdanning.
Om skulen
Odda ungdomsskole vil hausten 2025 ha om lag 215 elevar.
Odda ungdomsskole ynskjer å vere ein kollektiv skule, der profesjonsfelleskapet arbeider saman for at alle elevane får ei best mogeleg sosial og fagleg utvikling.
På Odda ungdomsskole meiner vi at trivsel, deling og samarbeid er viktig for å skapa den gode skulen.
Vi har tre parallellar og er organiserte i team med teamleiar for kvart trinn. Skulen har to
sosiallærarar/rådgjevarar, spesialpedagogisk koordinator og seksjonsleiarar i norsk,matematikk og engelsk.
Arbeidsoppgåver:
• Rektoransvar i rektor sitt fråvere.
• Timeplanarbeid.
• Utviklingsarbeid ved skulen.
• Ansvar for oppfølging av godt læringsmiljø både fagleg, sosialt og fysisk.
• Bidra til kollektiv læring i personalet og utvikling av profesjonsfellesskapet.
• Internkontroll og HMS arbeid.
• Andre driftsrelaterte oppgåver.
• Støtte og hjelp til medarbeidarar og elevar i deira arbeid.
• Ansvar for utvalde saksfelt blir fordelt etter vurdering av samansettinga av leiarteamet.
Avdelingsleiar/ane deltek i plangruppa saman med rektor, teamleiarar og tillitsvalde, og i
administrasjonsgruppa saman med rektor, sosiallærarar/rådgjevarar og spes.ped koordinator.
Vi søkjer ein person:
• Med pedagogisk utdanning, kvalifisert for å undervisa i ungdomsskulen.
• Som kommuniserer godt og har evne til å etablere gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer.
• Med eit reflektert syn på, og med visjonar for framtidas skule.
• Som kan bruka IKT som administrativt og pedagogisk verktøy.
• Som kan arbeida strukturert og systematisk, samtidig vera kreativ og ha evne til å sjå alternative løysingar.
• Som er løysingsorientert og kan ta sjølvstendige avgjerder.
• Som legg vekt på samarbeid.
• Som legg vekt på trivsel i arbeidsmiljøet.
Søkjarar vil bli vurderte i forhold til om ein er personleg eigna, og skulen sine behov. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing føreset godkjent politiattest og ev. tuberkuloseattest, og skjer for øvrig i samsvar med gjeldande avtaleverk.
-Vi ber om minst 2 referansar.
Vi tilbyr:
• Ein skule med godt omdøme.
• Ein skule som er kjenneikna av eit triveleg arbeidsmiljø, høg kompetanse og eit sterkt engasjement.
• Varierte arbeidsoppgåver.
• Løn etter avtale.
• Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
• Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
• Politiattest.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 398471457
- Sist endret
- 19. mars 2025 06:25