Lærarstillingar ved Odda ungdomsskole

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Odda ungdomsskule
Frist
17.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eit antal faste og midlertidige stillingar som lærar ved Odda ungdomsskole

 

Ynskjer du å dyrka fram meistring hos ungdomar og bidra til eit godt læringsmiljø? Då vil vi gjerne høyra frå deg!

Som lærar hos oss får du gode mogelegheiter til å arbeide i eit miljø prega av arbeidsglede, høg kompetanse og til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 215 flotte ungdomar!

Ledige lærarstillingar ved Odda ungdomsskole, skuleåret 2025-26
Det blir eit antall faste og midlertidige stillingar ledig ved Odda ungdomsskole frå 01.08.2025.

Om skulen
Odda ungdomsskole ynskjer å vere ein kollektiv skule der profesjonsfelleskapet arbeider saman for at alle elevane får ei best mogeleg sosial og fagleg utvikling. På Odda ungdomsskole meiner vi at trivsel, deling og samarbeid er viktig for å skape den gode skulen.

Skuleleiinga består av rektor og 2 avdelingsleiarar.

Vi har tre parallellar og er organiserte i team med teamleiar for kvart trinn. Skulen har to sosiallærarar/rådgjevarar, spesialpedagogisk koordinator og seksjonsleiarar i norsk, matematikk og engelsk. Skulen har 100% merkantil ressurs.

Arbeidsoppgåver:
● Stillingane er knytt til undervisning.
● Stillinga som lærar er allsidig og inneberer mellom anna oppfølging av elevar, kontakt med føresette, samarbeid med kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartar.

Ynskte kvalifikasjonar:
● Godkjent lærarutdanning
● Vi søkjer lærarar med godkjent kompetanse for ungdomstrinnet
● Vi søkjer lærarar som har god kompetanse i skriftleg og munnleg norsk
● Vi søkjer lærarar som er trygge brukarar av IKT som verktøy for læring
● Vi ber alle med godkjente kvalifikasjonar om å søkja.
● Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.
● Vi ber om minst 2 referansar

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som :
● trivst i lag med ungdomar
● er sjølvstendig og autoritativ
● har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
● likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar

Vi tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Løn etter hovudtariffavtalen
● Løn etter avtale (avhengig av stilling)
● Rekrutteringsavtaler
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:
● Politiattest

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
398472425
Sist endret
19. mars 2025 06:46