Vil du bli vår nye undersvisningsinspektør?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Ølen skule
Stillingstittel
Undervisningsinspektør
Frist
03.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker: 

Undervisningsinspektør i 100% (50% inspektør + 50% undervisning og/eller anna funksjonsoppgåve). Stillinga er ledig frå 01.08.2025

Kva får du jobba med hos oss?

  • Vera del av Ølen skule si leiargruppa som består av rektor og tre undervisningsinspektørar
  • Utvikle, påverke og drifte skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap 
  • Ha vikaransvar saman med dei andre inspektørane
  • Ansvar for elevar og personale på 5.-7.klasse (kan bli endringar)
  • Undervising i faste fag eller andre funksjonar
  • Tolking av elevdata og analyse av desse
  • Vera pådrivar for godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette, ulike instansar og samarbeidspartar
  • Halde ved like og jobbe i administrative fagprogram kommunen har
  • Timeplanarbeid; utarbeide timeplanar og vaktplanar for skulen og arbeidsplanar for tilsette
  • Oppgåver kan bli tilført eller endra på

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Stillinga set krav til undervisingskompetanse for grunnskulen
  • Tilleggskompetanse innan skuleleiing vil vera ein fordel
  • Gode IKT- og system -kunnskapar
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera villeg til å ha ei fleksibel arbeidstid
  • Evne til å skapa gode relasjonar og til å kommunisera med kollegaer, føresette og elevar er eit absolutt krav til den som blir tilsett
  • Du må vera innstilt på å vera med å løysa daglege utfordringar på ein konstruktiv måte
  • Stor evne til samarbeid
  • Fleksibel og klar for å finna løysingar
  • Administrasjon er ein vesentleg del av stillinga, det er naudsynt at ein har god ordenssans, meistra digitale verktøy og sakshandsaming

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Litlehagen 15, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
398476253
Sist endret
19. mars 2025 07:03