100% stilling som barnehagelærar i Tyssedal barnehage
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Tyssedal barnehage
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ledig 100 % fast stilling som Barnehagelærar i Tyssedal barnehage.
Stillinga er ledig frå 11.08.25.
Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Ullensvang kommune har no ledig 100 % stilling, fast for barnehagelærar i Tyssedal barnehage.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar vil midlertidig dispensasjon frå utdanningskravet verta vurdert jmf. Lov om barnehage § 25.
Vi ynskjer deg som er engasjert i faget og vil vere med og utvikle barnehagen vår. Vi legg stor vekt på å byggja gode relasjonar i alle ledd og ivareta eit inkluderande barnehagemiljø. Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Saman med pedagogisk leiar sikra at det pedagogiske arbeidet er i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument.
Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.
Saman med pedagogisk leiar organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.
Være aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon.
Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon.
Kvalifikasjonar og krav
Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Lov om barnehagar §25
Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.
Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Lov om barnehagar §30
Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskaper:
Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.
Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet.
Vera ein motiverande rettleiar for personalet på eigen avdeling.
Sjå kvart enkelt barns behov og leia ei gruppe barn.
Me tilbyr
Lønn i hht tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsavtalar
Gode utdanningsstipend
Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Ledelse, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 398581959
- Sist endret
- 19. mars 2025 12:34