NAV Rettleiar / Flyktningmedarbeidar

Arbeidsgiver
Nav Vågå
Stillingstittel
Flyktningkonsulent
Frist
08.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vågå kommune har ledig ei 100% fast stilling ved Nav Vågå. Vågå kommune har gjennom ei årrekkje hatt ein ambisiøs busettingspolitikk. Flyktningtenesta er ein del av NAV kontoret, og kommunen har i tillegg eige vaksenopplæring.

Stillinga består i dagleg drift av Flyktningtenesta inkl. saksbehandling, koordinering/oppgåver knytt til det heilårlege introduksjonsprogrammet og inkluderingsarbeid med særleg vekt på arbeid. I periodar må ein rekne med noko arbeid i helg og på kveldstid.

Ved intern tilsetting kan og andre stillingar bli ledige og aktuelle for tilsetting. Erfaring frå arbeid i Nav er derfor ynskjeleg.

Vi ynskjer at du

· er motivert til å jobbe tverrfagleg og heilskapleg

· likar å jobbe sjølvstendig

· har gode kommunikasjonsevner

· har erfaring/kjennskap til tverrkulturelt og friviljug arbeid

· god kjennskap til norsk samfunns- og organisasjonsliv

· har gode engelskkunnskapar og grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT

  • Gjerne erfaring frå tilsvarande stillingar

Kvalifikasjonar

· 3 år høgare relevant sosialfagleg utdanning, men anna utdanning vil kunne bli vurdert

· Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

· Ynskjeleg med god kunnskap innan den nye introduksjonslova. Engasjement og interesse for flyktningfeltet

· Erfaring frå å jobbe med menneskjer, gjerne rettleiings- og motivasjonsarbeid

· Førarkort kl. B

Løns- og arbeidsvilkår etter avtale i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Pensjonsordning i KLP.

Nærmare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med NAV-leiar

Magnhild Vole tlf. 917 55 478.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 08.04.2025.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.


Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Sektor
Offentlig
Sted
Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Annet
FINN-kode
398584685
Sist endret
19. mars 2025 09:37