Avdelingsleder
- Arbeidsgiver
- Fogn, Sjernarøy og Ombo oppvekstsenter (5), Stavanger kommune
- Stillingstittel
- Avdelingsleder
- Frist
- 02.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Frå 01.08.2025 er det ledig fast stilling som avdelingsleiar på Ombo oppvekstsenter.
Ombo er ei øy i Ryfylke i Stavanger kommune og Ombo har om lag 250 innbyggarar. Skulen ligg flott til i fantastiske omgjevnadar og ein kort spasertur over ferjekaia på Eidssund.
Ombo oppvekstsenter gir skuletilbod til elevar i 1.-7. klasse. Me har SFO og barnehage i same bygg. Grunnskuletilbodet er eit fådelt tilbod, noko som betyr at elevane er organisert i klassar med elevar frå fleire trinn. Det er 19 elevar på skulen og 14 barn i barnehagen og 11 tilsette på oppvekstsenteret.
Me arbeider for eit aktiv fagmiljø med vekt på å sikre barn og elevar eit trygt og godt lærings- og oppvekstmiljø. Som avdelingsleiar blir du ein del av Fogn, Ombo og Sjernarøy sitt leiarteam. Leiarteamet består av rektor og to avdelingsleiarar og me har eit tett samarbeid for å vidareutvikle og lede oppvekstsentera i ein felles retning.
Arbeidsoppgaver
Som avdelingsleiar på oppvekstsenteret vil du ha det daglege ansvaret for tilbodet i barnehage, skule og SFO. Du vil ha både personalsansvaro og eit økonomisk delansvar for oppvekstsenteret, samt ansvar for å sikre at tilbodet er i samsvar med LK20, overordna planar og regelverk i opplærings- og barnehagelova.
Stillinga inneber eit aktivt og engasjert samarbeid i leiarteamet knytt til dei tre oppvekstsentera i kommunen, samt leiarsamarbeid i Stavanger kommune.
Rektor/verksemdsleiar har eit overordna ansvar for alle tre oppvekstsentera, samt hovudansvar for Fogn oppvekstsenter. Me har eit etablert godt leiarsamarbeid. Rektor/verksemdsleiar er din næraste overordna.
Stillinga som avdelingsleiar for skule er ei delt stilling er 60% er knytt opp til administrasjo, medan 40% er knytta til undervisning i skulen.
Kvalifikasjoner
Godkjent lærarutdanning og solid undervisningserfaring. Kompetanse og erfaring i systematisk arbeid med klasseleiing, skulemiljø og spesialpedagogikk er ynskjeleg.
Engasjement for å jobbe systematisk med organisasjonsutvikling gjennom å leie og delta i det profesjonelle læringsfellesskapet.
Det er ein fordel om du har erfaring frå leiing eller har leiarutdanning.
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter.
Personleg egnethet og referansar vil bli vektlagt.
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentere skriftlege og munnlege ferdigheiter på minimum B2-nivå. Gjeld ikkje søkarar med skandinavisk som morsmål.
Personlige egenskaper
Me fylgjer ungane frå dei startar i barnehagen til dei går over i ungdomsskulen. Me har difor eit heilt unikt utgangspunkt for å påverke oppveksten til ungane i Ryfylke.
Som avdelingsleiar på Ombo må du vera fleksibel, imøtekommande, løysingsorientert og raus. Du lker å jobbe i team, men kan og ta sjølvstendig ansvar. Du har godt humør og er ein positiv bidragsyter inn i eit samla personale. Du er opptatt av gode sosiale og faglege resultat for elevar og tilsette. Du er tydeleg, strukturert og ha gode samarbeidsevner internt og utad. Du er robust og har styrke til å handtere ulike situasjonar.
Vi tilbyr
Me tilbyr ein spanande og allsidig jobb med utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsfellesskap. Du blir ein viktig del av oppvekstsentera sitt leiarteam.
Gode forsikringsordningar.
Hjemjobbhjem
Lønn: stillingskode 995400, lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Alice Helgøy, Rektor, 93093077, alice.helgoy@stavanger.kommune.noArbeidssted
Eidevegen 24187 Ombo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger kommuneReferansenr.: 4939778536
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eidevegen 2, 4187 Ombo
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
- FINN-kode
- 398594981
- Sist endret
- 20. mars 2025 01:32