Prosjektkoordinator

Arbeidsgiver
Stab plan og teknikk, Fyresdal kommune
Stillingstittel
Prosjektkoordinator
Frist
02.04.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Fyresdal er ein attraktiv kommune å etablere seg i og ein ser mellom anna at ein stor datasenteraktør viser sterk interesse for å etablere seg her. Vi treng derfor ein koordinator som skal arbeide i grensesnittet mellom kommunens avdelingar for plan og næring samt ut mot private og offentlege aktørar. Stillinga er førebels eit 2 års engasjement, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinering av private og offentlege aktørar i tilknyting til utviklings-, plan- og prosjekteringsoppgåver som kjem i kjølvatnet av ei datasenteretablering.
  • Prosjektkoordinatoren er eit sentralt bindeledd mellom kommunens avdelingar og private og offentlege aktørar, og vil samordne og ivareta kommunen sine interesser i store utbyggingsprosjekt. 
  • Koordinere stads- og bygdeutvikling, inkludert områdereguleringsplanar i forbindelse med datasenteretablering. 
  • Koordinere involverings- og medverknadsprosessar. 
  • Koordinere rettleiing av offentlege og private tiltakshavarar frå idé til gjennomføring. 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning som bachelorgrad eller mastergrad.
  • Praktisk erfaring med prosjektleiing og/eller prosessar gjerne frå både privat og offentleg sektor. 
  • Ønskjeleg med god kjennskap til samspelet mellom politikk og forvaltning, inkludert god rolleforståing. 
  • Høg grad av digital forståing og bruk av digitale verktøy.
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. 
  • For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevst dokumenterte språkkunnskapar, skriftleg og munnleg på nivå B2. Dette gjeld ikkje for skandinaviske søkarar. Dokumentasjon skal leggast ved søknaden. 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide strukturert, ta initiativ til avklaringar, vere løysingsorientert og ha god gjennomføringsevne. 
  • Gode kommunikasjonsevner, med evne til å formidle klare forventningar, bodskap og tilbakemeldingar, både munnleg og skriftleg, i prosjektorganisasjonen og i møte med kommunen sine innbyggarar og utbyggarar. 
  • Evne til å arbeide og skape resultat gjennom ein kombinasjon av sjølvstendig arbeid og deltaking i team. 
  • Fleksibilitet og stor arbeidskapasitet er ein styrke. 

Vi tilbyr

  • Fagleg spennande, interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø 
  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Utviklingsmoglegheiter 
  • God pensjonsordning 
  • Løn og tilsetting etter avtale 

Kontaktinformasjon

Gerd Straume, Næringssjef, + 47 90 59 18 36, gerd.straume@fyresdal.kommune.no

Halvor Homme, Kommunalsjef plan og teknikk, +47 90 77 77 57

Arbeidssted

Klokkarhamaren 6

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune


Referansenr.: 4938336970

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 02.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse, Rådgivning, Kontor og administrasjon
FINN-kode
398616941
Sist endret
20. mars 2025 08:08