Barnehagelærar, 100% i inntil fast stilling
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Brekke barnehage og skule. Tilsetjing barnehagelærar, i inntil 100% fast stilling, frå august 2025
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gulen kommune, for tida ved Brekke barnehage og skule, vert det ledig i inntil 100% fast stilling som barnehagelærar frå nytt barnehageår, midten av august 2025.
Brekke barnehage ligg på Haugland i Brekke, med natur og landbruk tett på. Brekke barnehage er samlokalisert med Brekke skule og SFO. Samlokalisering mellom skule og barnehage gjer og at overgangen vert liten og kjennast trygg for dei små. Barnehagen har to avdelingar Tommeliten og Soria Moria.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for barnehagelærar
- Bistå pedagogisk leiar ved planlegging, iverksetjing, dokumentering, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Bidra til å leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Sletting av studielån
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga startar 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som hels etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no).
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 398617550
- Sist endret
- 20. mars 2025 08:05
Mer som dette
