Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar
- Arbeidsgiver
- Heimetenesta, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkjer etter ein dyktig, engasjert og pliktoppfyllande hjelpepleiar/helsefagarbeidar til 80-100 % fast stilling i Gloppen heimeteneste.
Dersom vi ikkje får søkjar med utdanning i helsefag, vil det vere aktuelt å tilsette andre som har interesse for menneske og omsorg som pleiemedarbeidar.
Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ønsker å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.
Stillinga vil vere fast i Gloppen heimeteneste og fortida knytt til Sandane heimeteneste. Stillinga er organisert i turnus med arbeid kvar 3.helg. Oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie/omsorgssoppgåver ut frå brukaren sine behov og vedtak
- Legemiddelhandtering
- Velferdsteknologi
- Utføre praktisk hjelp
- Du vil få utdelt arbeidslister som du skal jobbe ut ifrå og arbeidet skal dokumenterast i fagsystem
Kvalifikasjonar
- Vi ser etter deg som har norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- Ønskjeleg med helserelatert arbeidserfaring
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Må gjennomføre og bestå godkjent legemiddelkurs
- Førarkort for personbil
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Du er ein lærevillig person
- Du kan både jobbe sjølvstendig og samarbeider godt med andre
- Du er glad i menneske og har omsorg og empati
- Du har interesse for helsefaget
- Du likar variert arbeid og er open og fleksibel
- Du er positiv og bidreg til utvikling
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Moglegheit for kompetanseheving
- Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4939354447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 398634263
- Sist endret
- 20. mars 2025 08:24
Mer som dette
