Musikkterapeut

Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om eininga
I mai 2025 flyttar me inn i Noregs finaste sjukeheim! Eit høgteknologisk, topp moderne bygg med flotte fasilitetar og god plass. Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Me har eiget kjøkken og vaskeri. Me er opptatt av personsentrert omsorg og har mål om å bli sertifisert Livsglede sjukeheim innan fem år!

Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
Dersom du er opptatt av å skape eit trygt og godt bu- og arbeidsmiljø der tenestemottakarane og dei tilsette opplev trivsel og meistring, vil du trivast og lukkast hjå oss

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

  • Du vil få arbeid med meining der du kan gjere ein forskjell for andre.
  • Dyktige og erfarne kollegaer både i leiargruppa og blant medarbeidarane på sjukeheimen.
  • Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Løn i tråd med tariff

Om stillinga
Stillingsstorleik: 20 %
Stillingstype: fast
Stilling ledig frå: 12.5.25

Arbeidsoppgåver

  • Musikkterapi der målgruppa er sjukeheimen sine bebuarar.
  • Terapi ein til ein eller i grupper i sjukeheimen sine to avdelingar.
  • Rettleiing og støtte til tilsette.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning eller erfaring innan musikkterapi
  • Kompetanse på bruksinstrument på fleire instrument og song
  • Du må beherska norsk skriftleg og munnleg
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, strukturert og fleksibel
  • Likar å arbeidet tett med kollegar for å utvikle tilbodet til tenestemottakarane våre
  • Har ro og tryggheit i krevjande situasjonar
  • Evner å skape motivasjon og tru på seg sjølve for personar i målgruppa
  • Har fagleg tryggheit, og kan arbeide tverrfagleg i team knytt til målgruppa

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Gode moglegheiter til fagleg utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Bedriftshelseteneste.
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
  • Nynorsk som administrasjonsspråk.

Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
  • Originalvitnemål skal verta tatt med på intervju.
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
  • Kommunen følg offentleglova § 25. Det inneber at det kan gjerast unntak frå innsyn for dokument i sak om tilsetjing eller forfremjing i offentleg teneste.

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan søkja med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn.
  • Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00.
  • Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Suldal kommune
Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med omlag 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur! I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall og sandhall.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Eidsvegen 1, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Ledelse
FINN-kode
398891875
Sist endret
21. mars 2025 11:48