Aktivitør ved Suldal sjukeheim
- Arbeidsgiver
- Suldal kommune Suldal sjukeheim
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søkjer deg som brenn for personsentrert omsorg og meiningsfull aktivitet.
I mai 2025 flyttar me inn i Noregs finaste sjukeheim! Eit høgteknologisk, topp moderne bygg med flotte fasilitetar og god plass. Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Me søkjer deg som har eit smittande engasjement for aktivitet og vil bidra til meiningsfulle dagar der bebuarane våre opplev trivsel og meistring.
Om eininga
Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen. For oss er det viktig å bruka rett kompetanse til rett tid. Helsepersonell skal få bruka tida si på helsehjelp. Me har husassistentar som løyser oppgåver som ikkje krev helsefagleg kompetanse.
Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.
Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
Dersom du trivast med høgt tempo, er opptatt av å bidra til eit trygt og godt bu- og arbeidsmiljø, vil du trivast og lukkast hjå oss. Om du i tillegg er interessert i tenesteutvikling, samarbeid med frivillige og brukar- og pårørande medverknad er me sikre på at du vil finne plassen din hjå oss!
Kva kan me tilby som arbeidsplass?
• Du vil få arbeid med meining der du kan gjere ein forskjell for andre. Der du får ein sentral rolle i å skape gode dagar med trivsel og meistring for bebuarane våre.
• Dyktige og erfarne kollegaer
• Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning. Vil du utvikla deg i ein retning, og me deler draumen din – er me gjerne med og støttar deg på vegen.
• Fleksibel arbeidstid og avspaseringsordningar. Treng du å begynne seinare fordi du skal levera i barnehagen? Treng du fri ein fredag for å ta ein langhelg på hytta? Ingen problem! Me forstår at det kan vera viktig å ha rom for fleksibilitet i ulike fasar av li-vet og det får du gjennom våre fleksitidsordningar og høve til avspasering.
• Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
• Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
• Løn i tråd med tariff
• Det er mange andre godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om dei.
Om stillinga
Stillingsstorleik: 80 %
Stillingstype: Fast
Stilling ledig frå: 12.05.25
Kva gjer ein aktivitør ved Suldal sjukeheim?
• Kartlegge den einskilde sine ønsker om og moglegheit for aktivitet
• Planlegge, lede og gjennomføre aktivitetar
• Motivera tenetsmottakaren til å delta i ulike aktivitetar, vurdere og dokumentere aktivitetar
• Utvikle, kvalitetssikre og marknadsføra aktivitetar
• Kontakt med og koordinering av frivillige
• Andre oppgåver i tråd med einingas behov.
Kven søkjer me?
Me søkjer deg som har eit smittande engasjement for aktivitet og vil bidra til meiningsfulle dagar der bebuarane våre opplev trivsel og meistring. I jobben som aktivitør er det viktig at du er sjølvstendig, strukturertog har gode samarbeidsevner. Å motivera, fremmar vekst, styrke og inspirera bebuarane er ein viktig faktor. Du må òg vara open for endring og kontinuerleg læring. Relevant utdanning og erfaring som aktivitør er ein fordel, men ingen føresetnad. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.Det er også nokre formelle krav du må oppfylle:
• Du er utdanna aktivitør. Om du ikkje er utdanna aktivitør må du vera villig til å utdanne deg til aktivitør innan 3 år.
• Du har gode datakunnskapar.
Andre opplysningar:
- Me nyttar nynorsk i all skriftl
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjar du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn.
- Skriv litt om deg sjølv og kva bakgrunn, fagområde og interesser du har i skulegang og som student til no.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eidsvegen 1, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Ledelse
- FINN-kode
- 398897784
- Sist endret
- 21. mars 2025 12:26
Mer som dette

