Rektor ved Larsnes skule

Arbeidsgiver
Sande kommune
Stillingstittel
Rektor ved Larsnes skule
Frist
10.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya. 

Frå 01.08.2025 søker vi rektor ved Larsnes skule. Skulen har ca 70 elevar frå 1.-7. trinn, skulefritidsordning og 16 tilsette. 

Vi søker ein dyktig og engasjert rektor som har interesse og ambisjonar for å utvikle skulen i samarbeid med tilsette, elevar og føresette. Som rektor i Sande kommune vil du vere ein del av oppvekst- og kultursektoren si leiargruppe. Du vil ha eit tett samarbeid med den tverrfaglege ressursgruppa og kommunen sine stab- og støttefunksjonar (økonomi, HR og kommunikasjon). 


Arbeidsoppgåver

Rektor har ansvar for å leie skulen sitt heilskaplege arbeid med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø.
Som rektor for eininga vil du ha det overordna pedagogiske ansvaret, i tillegg til personal- og økonomiansvar gitt i høve delegasjonsreglementet. Rektor har som sine hovudoppgåver å støtte dei tilsette i det daglege arbeidet, leige inn vikarar i høve fråvær, følge opp økonomi og planlegge utvikling ilag med sektoren si leiargruppe og andre ressurspersonar. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning fra høgskole/universitet, jamfør Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
  • Arbeidserfaring frå relevant tenesteområde
  • Rektorutdanning eller anna leiingutdanning
  • Erfaring som skuleleiar/leiar og god kjennskap til administrativ skuledrift er ønskeleg

Søkarar utan leiarutdanning kan vurderast om ein forpliktar seg til å gjennomføre dette.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker ein rektor som kan leie, engasjere og skape gode rammer for både elevar og tilsette i skulen. Dette gjennom å vere lyttande og løysningsorientert. Du må trivast i eit hektisk miljø og samtidig kunne vere strukturert i høve eigen kvardag. Som rektor vil du samhandle med både elevar, foreldre, tilsette og andre. Det er difor viktig med god relasjonskompetanse, samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar. Vi ser etter deg som har interesse for leiing og utvikling. Du må ha god økonomisk forståing og kjennskap til lov og avtaleverk. Du har evne til å tenke heilskapleg, jobbe langsiktig og har gjennomføringskraft.

Du må elles ha gode digitale kunnskapar.

I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
  • Ein spanande jobb med allsidige oppgåver
  • Deltaking i intern leiarutvikling
  • Høve til etter- og vidareutdanning og fagleg oppdatering
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.2
  • Tilsetting i samsvar med gjeldande lov- forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.

Kontaktinformasjon

Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701

Karen-Marie Hjelle, HR-leiar, 92178280

Arbeidsstad

Vardane 20

6084 Hallebygda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune


Referansenr.: 4941663408

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 10.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Vardane 20, 6084 Larsnes
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
398905394
Sist endret
21. mars 2025 01:15