Ph.d.-stipendiat i mikroelektronikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i mikroelektronikk
Frist
11.04.2025

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Stipendiat i mikroelektronikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i mikroelektronikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til bevilgingsfinansiering.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-eksperimentet på CERN. Tungionegruppa ved Institutt for fysikk og teknologi tek del i ALICE, som for tida førebur seg på ei fjerde runde med datainnsamling frå ultrarelativistiske proton-proton, bly-bly og proton-bly-kollisjonar ved Large Hadron Collider på CERN. Ei av dei planlagde oppgraderingane av ALICE detektoren for Run-4, er eit nytt kalorimeter (FoCal) med høg oppløysing som vil bidra til ny innsikt i «forward-physics».

FoCal-E er samansett av mange lag med Wolframplater med silisiumdetektorlag innimellom. Nokre av detektorlaga vil bestå av «Monolithic Active Pixel Sensors» (MAPS), opphaveleg utvikla for «ALICE Inner Tracking System». Den som vert tilsett, skal primært bidra til utvikling av utlesingssystemet med design av programmerbare krinsar og system design. Det er og forventa at denne personen tek del i integrasjonsarbeid med dei andre delane av detektoren, og å karakterisere oppførselen til utlesingselektronikken i strålingstestar.

Stillinga vil vere basert i Bergen, men ein må rekne med å bruke noko tid på eksperimentelle målingar og andre ALICE-aktivitetar på CERN i Genève.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i mikroelektronikk eller fysikk med spesialisering innan elektronikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Praktisk erfaring med "Field Programmable Gate Array" (FPGA) baserte elektroniske system i strålingsmiljø er eit krav.
  • Gode kunnskapar i programmering med erfaring frå språk som VHDL, Python og C++ er eit krav.
  • Relevant erfaring frå industrien er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Prof. Johan Alme, +47 55582746, Johan.Alme@uib.no
  • Prof. Dieter Røhrich, +47 55582722, Dieter.Rohrich@uib.no
  • Prof. Kjetil Ullaland, +47 55582871, Kjetil.Ullaland@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398910991
Sist endret
21. mars 2025 01:41