Rådgivar legemiddelområdet – farmasøyt

Arbeidsgiver
Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen HF
Stillingstittel
Rådgivar legemiddelområdet – farmasøyt
Frist
11.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle det systematiske arbeidet innan legemiddelområdet på Haukeland universitetssjukehus (HUS) og i Helse Vest ?
 
Systematisk arbeid for kvalitet og pasienttryggleik er ei prioritert oppgåve for sjukehuset, og seksjon for pasienttryggleik har viktige funksjonar for å støtte opp om dette arbeidet. Seksjonen jobbar med ulike overordna system for smittevern, rett antibiotikabruk, styrande dokumentasjon, internrevisjon, risikostyring, meldesystem, klage- og tilsynssaker, forbetringsarbeid med meir. Seksjonen har omfattande samarbeid med dei kliniske einingane og andre stabseiningar. Medarbeidarane i seksjonen jobbar først og fremst i tverrfaglege team, og deltek ofte i lokale, regionale og nasjonale utgreiingar og prosjekt. Seksjonen har ansvar for Regional kompetanseteneste for smittevern i Helse Vest, og Nasjonalt senter for antibiotikabruk i sjukehus.
 
Seksjon for pasienttryggleik er ein av seks seksjonar i Forskings- og utviklingsavdelinga. Seksjonen har 26 medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn, som saman utgjer eit spennande og kompetent fagmiljø.
 
Legemiddelområdet er eit viktig satsingsområde i helsetenesta i tida framover. Den eine 50% stillinga er tiltenkt oppgåver innan regionalt- og lokalt legemiddelnettverk og arbeid med legemiddelretningslinjene til sjukehuset og tilknytte kompetansekrav. Den andre 50% stillinga er tiltenkt oppgåver innan forvaltning av digital søknadsplattform for utprøvande behandling, utviklings- og innovasjonsprosjekt og arbeid med avtalar for legemiddelinnkjøp og legemiddelmangel. Vi søkjer ein eller to fagleg dyktige og utviklingsorienterte farmasøytar , med genuin interesse for å styrkje kvalitets- og pasienttryggingsarbeid innan legemiddelområdet på Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.

Arbeidsoppgåver

  • Stilling 1 (50%):
  • Inngå i team med ansvar for å fremje auka legemiddeltryggleik på HUS og i Helse Vest
  • Inngå i team med ansvar for opplæring og kompetanseheving innan legemiddelområdet på HUS
  • Ha ansvar for utarbeiding og oppdatering av legemiddelretningslinjer på HUS
  • Stilling 2 (50%):
  • Inngå i eit team som forvaltar ny digital løysing for søknadsbasert, sjukehusfinansiert legemiddelbehandling
  • Delta aktivt i arbeidet knytt til legemiddelinnkjøpsavtalar og legemiddelmangel
  • Stilling 1 og 2 - andre oppgåver:
  • Bidra med legemiddelkompetanse i internrevisjon og hendingsanalyse
  • Utarbeide saksdokument innan legemiddelområdet for føretaksleiinga evt. styret på HUS
  • Bidra til å svare ut høyringar på legemiddelområdet, i samarbeid med m.a. Legemiddelkomiteen på HUS
  • Ved behov, bidra i andre oppgåver i seksjonen   

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i farmasi med minimum 5 års arbeidserfaring, først og fremst frå sjukehus/sjukehusapotek
  • Norsk autorisasjon som farmasøyt
  • Erfaring frå leiing av, eller deltaking i, nasjonale, regionale og/eller lokale legemiddelrelaterte utviklings- eller forbetringsprosjekt er ønskjeleg
  • God IKT-kompetanse, og forståing av/erfaring med digitale system knytte til legemiddel, inkludert for pasientbehandling i spesialisthelsetenesta
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
  • Erfaring med utarbeiding av saksdokument innan legemiddelområdet
  • Erfaring frå forsking- og/eller utviklingsarbeid er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Dyktig og engasjert, med interesse for pasienttryggleik og kvalitet på legemiddelområdet
  • Nytenkjande, kreativ og framoverlent lagspelar, som ser moglegheiter til å utvikle og forbetre fagområdet
  • Strategisk og analytisk med god organisasjonsforståing
  • Sjølvstendig, ryddig og systematisk
  • Relasjonsbyggjar som verdset tverrfagleg samarbeid og samhandling
  • Fleksibel med tanke på nye arbeidsoppgåver innan fagområdet

Vi tilbyr

  • Fast stilling; anten som to 50% stillingar eller ein 100% stilling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Dyktige kollegaer med legemiddel- og tverrfagleg kompetanse, og eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for å kunne påverke strategisk utvikling av legemiddelområdet
  • Jobbe tett på føretaksleiinga på HUS
  • Fleksibel arbeidstidsordning, og god pensjons- og forsikringsordning
  • Lønn etter avtale, men innanfor gjeldande tariff

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ingrid Smith, Seksjonsleiar, 92802540

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 4941826355

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 11.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
399380924
Sist endret
24. mars 2025 07:26