Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar Gotatoppen

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar Gotatoppen
Frist
13.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊

Vi søkjer etter engasjerte og dyktige helsefagarbeidarar eller pleiemedarbeidarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare».

Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
 
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane.

Vi har ledig inntil fire faste stillingar for helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar i stillingsstorleik mellom 50 til 100 %. 

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med utdanning som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, vil vi vurdere tilsetting av pleiemedarbeidar.

Skriv i søknaden kva stillingsstorleik du ønskjer. Snarleg tilsetting.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
  • Erfaring eller personlege eigenskapar kan kompensere for utdanningskrav.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som

  • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
  • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
  • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte

Vi tilbyr

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling 
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stilling organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 94989709

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4941799704

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
399405088
Sist endret
24. mars 2025 09:37