Sjukepleiar i heimetenesta Hornindal

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Sjukepleiar i heimetenesta Hornindal
Frist
08.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ambulerande heimetenester med base i Hornindal får ei ledig fast stilling 100% for autorisert sjukepleiar med kun langvakter i ein rullerande 12 vekers turnus. 

Gruppe 3 har base ved Hornindal omsorgssenter og yter tenester til heimebuande. Distriktet omfattar gamle Hornindal kommune, i tillegg til Bjørke, Viddal, Leira, Kalvatn og Osdalen. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene. Heimetenesta samarbeider med Hornindal omsorgssenter. Sjukepleiar med ansvarsvakt i heimetenesta må bidra med sjukepleiaroppgåver inn på sjukeheimen i eit sjukepleieteam.

Kvalifikasjonar

 
Autorisasjon som sjukepleiar.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest 
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose
Kjennskap til journalsystemet Gerica og generelt gode datakunnskaper er ein fordel
Søkjar må ha førerkort kl B 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter sjukepleiar som er effektiv og løysingsorientert, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Den rette kandidaten må vere engasjert, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder. Er ein i tillegg endringsvillig og har variert praksis så er det eit pluss. Andre kriterier:
God fagkompetanse og engasjement for fagleg utvikling
Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar. 

Vi tilbyr


Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringkurs frå Glup
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Stillingskode 717400 sjukepleiar.

Kontaktinformasjon

Jorunn Anne Tomasgard, Seksjonsleiar, 94 86 72 06, jorunn.tomasgard@volda.kommune.no

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Urdene 9

6763 Hornindal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4943358091

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sevrinhaugen 4, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
399411237
Sist endret
24. mars 2025 10:18