Sommarvikarar og helgevakter i avlastingsbustad for barn og unge
- Arbeidsgiver
- Barne- og familietenesta
- Stillingstittel
- Sommarvikar og helgevakter i avlastingsbustad for barn og unge
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Avlastingsbustaden ligg driftsmessig under Barne- og familietenesta i kommunen. Me er på jakt etter sommarvikarar i turnus og søkjer også helgevakter i turnus dag, kveld og natt. Stillingane kan passe for deg som er student eller vil arbeide helg og deltid. Me set ikkje stillingsprosent på helgestillingane, då me ynkjer å vere i dialog kring turnus.
Avlastingsbustaden er tilrettelagt for barn og ungdom. Det viktigaste for oss som til dagleg arbeidar i bustaden, er å skapa tryggleik og trivsel for borna og ungdommane. Hos oss vil du få introduksjon / opplæring i forkant. Me kan lova deg ein spennande og variert jobb med høve for læring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Som sommarvikar og helgevakt på bustaden vil du ha omsorg og ansvar for barna og ungdomane som oppheld seg i bustaden. Ta barna med på aktivitetar ute og inne. Følge opp interessene deira og gje dei gode opplevingar.
Det er eit bakvaktsystem og samarbeid med brann og redning og heimetenestene i kommunen på natt.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Me ser etter studentar i helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje er under / har utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har relevant erfaring innan arbeid med barn og unge.
Personlege eigenskapar
- Du trivst ilag med barn og unge.
- Du skapar gode relasjonar til andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Else Marie Aakre eller Linda Hellen.
Kontaktinformasjon
Else Marie Aakre, Avdelingsleiar v/avlastingsbustad for barn og unge, +47 926 08 821Linda Hellen, Versksemdsleiar Barne- og familietenesta, +47 909 61 702
Arbeidsstad
Bratthaugen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4941577673
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bratthaugen 1, 5430 Bremnes
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
- FINN-kode
- 399440888
- Sist endret
- 24. mars 2025 02:08
Mer som dette
