Lærarvikariat Årås skule
- Arbeidsgiver
- Austrheim kommune
- Stillingstittel
- Lærar
- Frist
- 15.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
På Årås skule har me no eit ledig vikariat i 100 % stilling som lærar på 8.–10. trinn, frå 01.05.2025 til 30.06.2026.
Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 279 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i team – eitt for kvart hovudsteg. Me har fokus på ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad, som me ser på som ein føresetnad for eit godt læringsmiljø. Oppfølging av elevane si læring og utvikling står sentralt i arbeidet vårt.
Årås skule er ein PALS-skule. PALS står for: Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. Det vil seie at me arbeider med systematiske tiltak som rettar posiiv merksemd mot alle skulen sine elevar. Me har eit eige PALS-team på Årås skule. Årås skule er òg ein MOT-skule.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Årås skule treng ein lærar med minimum 60 studiepoeng i norsk og engelsk, undervisningskompetanse i spansk og spesialpedagogisk kompetanse på ungdomstrinnet.
Kvalifikasjonskrav:
Godkjent utdanning i samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing i grunnskulen.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.
Kven ser me etter?
Me ser etter ein engasjert og fagleg bevisst lærar som er godt førebudd og planlegg undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaar. Du har god innsikt i lærarrolla og forståing for skulen som organisasjon. Du er synleg på skulen sine møteplassar og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Du har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar. Ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og medverknad står sentralt. Det er viktig å samarbeide aktivt med kollegaar og skuleleiinga for å utvikla læringsmiljøet og styrkje elevane sitt læringsutbyte.
Godkjent politiattest i samsvar med opplæringslova må leverast før tiltreding.
Austrheim kommune har nynorsk som målform.
Me tilbyr
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Engasjerte og dyktige kollegaer
Eit positivt læringsmiljø med fokus på utvikling
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Furulyvegen 55, 5943 Austrheim
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 399464657
- Sist endret
- 25. mars 2025 06:25
Mer som dette

