Rektor Vestbygd skule
- Arbeidsgiver
- Alver kommune
- Stillingstittel
- Rektor Vestbygd skule
- Frist
- 08.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søkjer ein engasjert og dyktig rektor til skulen vår. Me ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
Som rektor har du det overordna ansvaret for skulen si pedagogiske og administrative leiing.
Om Vestbygd skule
Vestbygd skule ligg fint til i Holmemarka fem minutt nordvest for Frekhaug i Alver kommune. Det tek om lag 10 minutt med bil frå Nordhordlandsbrua.
Skulen har 117 elevar fordelt på 1.- 7.trinn. Det er språkdeling på fleire av trinna. Skulen er med i programmet "Trivselsleder" for eit aktivt og inkluderande skulemiljø.
Det er for tida omlag 30 tilsette ved skulen, og arbeidsmiljøet er godt. Skulen har eit flott uteområde som innbyr til mange ulike aktivitetar.
På Vestbygd skule er det eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med god delekultur. Fleirtalet av dei tilsette har lang fartstid på skulen, og det har vore lite utskifting av tilsette. Skulen har fokus på å skape felles møtepunkt kor elevar og tilsette får utøve kreativitet, utforskartrong, og det å vere nyfiken i form av sosiale samankomstar. Elles er satsingsområda våre LK20, lesing og rekning, og eit trygt og godt skulemiljø.
Vestbygd skule har eit tett og godt samarbeid med andre instansar som PPT, helsesjukepleiar, og andre.
Samarbeidet med FAU er godt og dei støttar godt opp om skulen sine satsingsområde og målsetjing.
Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."
Som rektor skal du også:
- Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
- Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
- Forvaltning og kvalitetsutvikling.
- Økonomistyring og resultatkontroll.
- Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø.
- Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.
Kompetanse
- Opplæringslova sine krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere
oppfylt. - Utdanning og erfaring i skuleleiing er ønskjeleg.
- God system- og rolleforståing
- Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
- Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
- Ønskjeleg med undervisningserfaring frå grunnskulen
- God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing
Kven er du?
- Du er tydeleg og synleg i møte med elevar, tilsette og foreldre
- Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert
- Du trivs med å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant anna LK20 og inkluderande skulemiljø
- Du er ein god relasjonsbyggar, som kan motivere og inspirere elevar og tilsette.
- Du kan legge til rette for innovasjon og nyskaping
Er du målretta, initiativrik og har eit sterkt engasjement for skuleutvikling? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Me tilbyr
- Eit fagleg dyktig kollegium.
- Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
- Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
- Leiaropplæring
Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle - Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 399560829
- Sist endret
- 25. mars 2025 08:12
Mer som dette
