Fast stilling i 100% for spesialsjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen HF
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar i 100% fast stilling
Frist
13.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling spiseforstyrringar, seksjon døgn har 8 sengar og behandlar i snitt 24 pasientar pr år. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.

Vi har ledig ein 100% fast stilling for spesialsjukepleiar frå juni 2025. Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søke!


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere dei sjukepleiefaglege tiltaka saman med pasient og behandlingsteam
  • Du må ha interesse for, og gjerne erfaring frå arbeid med spiseforstyrringar og psykisk liding

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning
  • Relevant realkompetanse utover autorisasjon som sjukepleiar kan erstatte krav om vidareutdanning
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg svært godt
  • Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
  • Ivareta eigne oppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte

Vi tilbyr

  • Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Veiledning

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tor Egil Pettersen, Seksjonsleiar, 55974519

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 4935653893

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Sykepleier / Psykiatri
FINN-kode
399572164
Sist endret
25. mars 2025 10:05