Fagkonsulenter (undervisningsassistenter)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Fagkonsulenter (undervisningsassistenter)
- Frist
- 23.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wFagkonsulenter (undervisningsassistenter)
Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig inntil tre stillingar som fagkonsulentar (undervisningsassistentar). Dette vil avhenge av søkjarane si kompetanse knytt opp mot instituttets behov. Stillingane vil vera 100 % stillingar i 10 månadar med oppstart i 4. august 2025. Ein av stillingane vil ha deler av arbeidsoppgåvene knytt opp mot administrativt arbeid for prosjekt ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Det er behov for undervisningsassistentar i følgjande emne:
Hausten 2025: SANT100, SANT150, SANT104 og SANT105
Våren 2026: SANT102, SANT103, og SANT215
Utover desse kan det vere behov for undervisingsassistanse i valemne i sosialantropologi og/eller vidareutdanning i sosialantropologi.
Undervisningsassistentane skal leie 3-6 arbeidsgrupper.
• Kommentere obligatoriske oppgåver
• Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar i sosialantropologi, spesielt dei heilt ferske studentane
• Samarbeid med emneansvarlege, administrasjon og andre involverte i undervising
• Gjere førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Mastergrad i sosialantropologi. Studentar som leverer masteroppgåva i vårsemesteret kan også søkje. Mastergraden må vere oppnådd før kandidaten kan starte i stillinga.
• God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig
• God administrativ IT-kompetanse
• Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret
Personlege eigenskapar
• Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Fleksibel og arbeidsvillig
• Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
• Gode pedagogiske evner er ein fordel
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Årsløn vil vera NOK 509 300,- (Stillingskode 0389 - Fagkonsulent). For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”søk på jobben”.
Søknadsfrist: 23. april 2025
Søknaden skal merkast 25/3910
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Sigrid Marie Tellez, e-post Sigrid.Tellez@uib.no eller tlf. 55 58 38 01.
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgivar ved HR-seksjonen; Bodil Hægland på e-post bodil.hagland@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- postboks 7802, 5020 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Konsulent
- FINN-kode
- 399585655
- Sist endret
- 25. mars 2025 10:34