Rettleiar
- Arbeidsgiver
- Nav Sykkylven
- Stillingstittel
- Rettleiar
- Frist
- 10.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Nav Sykkylven utvidar staben og har ei ledig stilling som rettleiear i vårt team Behalde arbeid.
Vi søkjer deg som er engasjert og framoverlent, og som er interessert i å jobbe med menneske som treng bistand i arbeidsretta oppfølging. Våre digitale verkty får stadig nye løysingar, og du må vere god på digitale verkty for å kunne jobbe effektivt og målretta med dei brukarane som treng hjelp frå Nav.
Som rettleiar ved vårt kontor vil du arbeide heilskapleg med arbeidsretta brukaroppfølging og tett opp mot næringslivet, samt ulike kommunale tenester og tenester internt i Nav, helsevesenet, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Vi jobbar med å følgje opp prioritere grupper som ungdom, flyktningar og sjukmelde.
Kontoret er organisert i to team; Skaffe arbeid og Behalde arbeid. Som rettleiar ved vårt team Behalde arbeid, vil du ha også ha ansvar for oppfølging av sjukmelde og AAP brukarar med arbeidsgivar, samt sakshandsaming etter lov om sosiale tenester i Nav.
Nav Sykkylven-Stranda har 15,5 årsverk og ei prosjektstilling opp mot ungdommar. Vi har god variasjon i alder og tilsette fordelt på kommunal og statlege tilsettingar. Vi er lokalisert med aktivitetsbasert løysing i sentrum av Sykkylven, og har også tilgang til møterom på Stranda. Sykkylven og Stranda kommune ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har til saman 12000 innbyggjarar, som vi i Nav yter tenester til. Begge kommunane er industrikommunar der Sykkylven er stor innan møbel og Stranda innan matindustri.
Arbeidsoppgaver
- Arbeidsretta oppfølging av brukarar, eller sjølvstendig næringsdrivande som mottek sjukepengar og arbeidsavklaringspengar
- Kartleggje og avklare brukars behov for hjelp, deira ressursar og arbeidsmoglegheiter
- Ein vil ha ansvar for eiga portefølje med brukarar som ein følgjer opp og avklarar
- Arbeidsoppgåvene inneber veiledning, saksbehandling og samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Samarbeid med arbeidsgivarar
Nav er i stadig utvikling og du må vere open for at det kan skje endringar i oppgåver og ansvarsområde.
Kvalifikasjoner
- 3 årig utdanning tilsvarande bachelor, gjerne innan helse og sosial
- Erfaring frå motivasjon-, veiledning- og endringsarbeide
- Erfaring sakshandsaming
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- God digital forståing og erfaring med å nytte IT-system som arbeidsverkty
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
Personlige egenskaper
- Evne til å arbeide effektivt og strukturert med mange arbeidsoppgåver
- Stor arbeidskapasitet
- Fremoverlent og positiv i utviklingsarbeid
- Omstillingsdyktig og løysningsorientert
- Fleksibel og open for ulik tilnærming til oppgåveløysing og arbeidsmetodikk
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Nav Sykkylven som arbeidsgivar kan tilby spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, innanfor eit viktig sammfunnsoppdrag. Vi har eit aktivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar, og er ein arbeidsplass som vektlegg utvikling, omstilling og kompetansedeling.
Stillinga vert løna i stillingskode 1434 rådgjevar innanfor lønnsspenn kr 575 000-604 900 avhengig av dine kvalifikasjonar. Som ansatt i staten vert du også omfatta av gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse.
Det må påreknast noko reisevirksomheit innanfor våre kommunar i stillinga.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Karoline Lied, Nav-leiar, 984 98 170Arbeidssted
Pilgata 26230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4940899316
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Pilgata 2, 6230 Sykkylven
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
- FINN-kode
- 399596851
- Sist endret
- 25. mars 2025 12:41