
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar og helsefagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Sengepost barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar/sjukepleiar og helsefagarbeidar
- Frist
- 09.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledige stillingar for sjukepleiar/pediatrisjukepleiar og helsefagarbeidar!
- 1 x 80% fast stilling for sjukepleiar/spesialsjukepleiar med oppstart frå 05.05.25
- 2 x 50% fast stilling for sjukepleiar/spesialsjukepleiar med oppstart frå 23.06.25
- 1 x 80% fast stilling for helsefagarbeidar med oppstart frå 05.05.25
Sengepost for barn og ungdom har pasientar fra 0 – 18 år innen alle fagfelt, både barnemedisin, kirurgi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl. Sengeposten har 18 sengeplassar, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø.
Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieoppgåver til akutt og kronisk sjuke barn og ungdom 0-18 år.
- Pre- og postoperativ sjukepleie til barn
- Opplæring og undervisning av barn og pårørande
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legemiddelhåndtering
- Rettleiing av sjukepleiarstudentar, helsefagelever og kollega
- Ta del i og bidra til kontinuerlig forbetringsarbeid
- Sjukepleieprosedyrer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
- Tidligare erfaring frå arbeid med barn vektlegges
Personlege eigenskapar
- Arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til å handtere stressande situasjonar og samtidig opptre roleg overfor pasient og pårørande
- Fagleg engasjert
- Ansvarsbevisst
- Vilje til medverke til eit godt arbeidsmiljø
Personlig eigenskapar vert vektlagd ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Eit godt arbeidsmiljø der personalet arbeider tett saman og er gode på å hjelpe og støtte kvarandre
- Tverrfagleg samarbeid
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Irene Takvam, Seksjonsleiar, Irene.Takvam@helse-mr.noIngrid Eriksen, sjukepleier med ass. funksjon, Ingrid.Eriksen@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4940436270
Stillingsprosent: 80, 50%
Fast
Startdato: 23.06.2025
Søknadsfrist: 09.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 399606727
- Sist endret
- 31. mars 2025 06:51
Mer som dette
