Pedagogisk leiar
- Arbeidsgiver
- Ulike barnehagar
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar, ulike barnehagar
- Frist
- 06.04.2025
Beskrivelse
I Kinn skal alle barn vere inkludert i fellesskapen. Dei vaksne har ansvaret og skal jobbe for eit raust og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge, der mangfaldet og menneskeverdet vert ivareteke og ulikskapar akseptert og verdsett. Fokuset vert retta mot arbeid med gode psykososiale fellesskap på alle arenaer forankra i fellesskapande leik, aktivitetar og undervisning. Vaksne, barn og unge vil saman fremje helse, trivsel og læring og førebygge mobbing, utanforskap og krenkingar.
Barnehagane har 2 pedagog-ordning og tilsette med god utdanning, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap i fellestid og plantid til beste for barn si utvikling og læring
Kinn kommune, Florødelen, har 7 barnehagar og fleire av barnehagane har ledige stillingar frå hausten 2025. Det er fint om du prioriterer i søknaden din kva barnehage du primært ønskjer å søkje i.
Eikefjord barnehage: 1 pedagogisk leiar fast. 1 pedagogisk leiar vikariat
Krokane barnehage: 1 pedagogisk leiar, vikariat. 1 pedagogisk leiar, engasjement
Storevatn barnehage: 2 pedagogisk leiar, fast. 1 pedagogisk leiar, vikariat
Torvmyrane skule: 1 pedagogsk leiar vikariat
Arbeidsoppgåver
- Omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Planlegge og aktivt delta i leik og aktivitetar saman med barna
- Å halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med kollegaer
- Å medverke til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Å initiere og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid
- Legge til rette for trygghet, trivsel og tillit blant barn, føresette og medarbeidarar
- Følge opp nasjonale og lokale føringar innanfor oppvekstfaget
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning
- Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Er raus, positiv og løysingsorientert
- Er reflektert over di rolle som leiar
- Er engasjert og involvert i barna sin leik og aktiviteter
- Har grunnleggande tru og fokus på relasjonsutvikling
- Er trygg i rolla og bevisst på gode relasjoner og rettleiing
- Gode IKT kunnskaper
- Det blir lagt stor vekt på at ein er personleg skikka til jobben
Vi tilbyr
- Lønn etter tariff
- Kompetanselønn
- Pensjon og forsikring i KLP
- Godt arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
Kontaktinformasjon
Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, 48037689, sissel.ostrem@kinn.kommune.noJune-Anne Nordnes, Tenesteleiar Eikefjord Barnehage, 47453727, june.nordnes@kinn.kommune.no
Monica Brandsøy, Tenesteleiar Krokane barnehage, 99407187, Monica.brandsoy@kinn.kommune.no
Nina Anette Steindal, Tenesteleiar Storevatnet Barnehage, +47 99635363, nina.steindal@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Em Holevegen 226906 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4902712430
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar, Engasjement
Startdato: 14.08.2025
Sluttdato: 12.08.2026
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 8
- Sted
- Em Holevegen 22, 6906 Florø
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 399625919
- Sist endret
- 25. mars 2025 03:05