Reinhaldsoperatør/Reinhaldar

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Frist
13.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hospitaldrift Reinhald har ledig 100% eit års vikariat som reinhaldsoperatør/reinhaldar. Ønskeleg med oppstart frå snarast.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815  medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
  • Arbeidstid: turnus (dag/kveld/helg)

Kvalifikasjonar

  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
  • Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team
  • Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
  • Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ravi Ratnasingham Pasupathy, Seksjonsleiar, 97469748

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 4944207731

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 13.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
399637487
Sist endret
26. mars 2025 07:13